Gujrat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gujratmap
Remove ads

32°34′30.094″N 74°4′48.446″E

Kjappe fakta Land, Region ...

Gujrat (uttalt gudʒrˈat) er ein by i Panjab i Pakistan. Han har kring 250 100 innbyggjarar (1998). Gujrat ligg 11 mil nordvest for Lahore.[2]

Byen vaks opp rundt ein festning bygd 1580 av mogulkeisaren Akbar.[2] Han har namn etter gujar-kasten.[3] Gujrat låg tidlegare ved breidda av Chenab, men elva har sidan endra løp og renn no forbi byen eit par kilometer unna. Den gamle hovudvegen frå Peshawar til KarachiGrand Trunk Road - går gjennom byen.

I 1849 sigra britane og sikhane her. Dette opna for den britiske annekteringa av Panjab.[2]

Gujrat er eit handelssenter. Det blir også framstilt møblar, lêr- og tekstilprodukt her. Av handverksproduksjon er særleg gull- og sølvarbeid viktig.[2]

Mange norsk-pakistanarar har røter i distriktet rundt Gujrat.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads