Gulfeber
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gul feber eller gulfeber er ein virussjukdom som opptrer i tropiske og subtropiske område. Meir enn 90 % av alle sjukdomstilfelle er i Vest-Afrika, men sjukdommen finst òg i Sør-Amerika.[1] Viruset som framkaller sjukdomen, Orthoflavivirus flavi, blir overført gjennom myggestikk og fører til alvorleg leverbetenning, med gulssott og moglege indre blødningar. Ein kjennet ikkje til nokon effektiv behandlingsmetode, og sjukdomen har høg døyelegheit. Det finst derimot ein verksam vaksine som ein må ta i forkant av smitte.


Remove ads
Sjukdomsforløp
Sjukdommen byrjar etter ei inkubasjonstid på tre til seks dagar med feber, kvalme, hovudpine og smerter i muskel-skjelettsystemet som varer i tre til fire dagar. Dei fleste pasientane blir friske etter det. Hjå kring 15 % av dei ramma følgjer den alvorlege toksiske fasen. Her vender feberen tilbake og blir følgd av alvorleg leverbetennelse som fører til gulsotten som har gjeve sjukdomen namnet.
Den sviktande leverfunksjonen fører blant anna til ein blødningstendens med blødningar frå slimhinner i munn, nase og mage-tarmkanal. Sistnemnde fører til svart oppkast (fordøyd blod) og blod i avføringa (melena). Også nyrene sviktar ofte i denne fasen. Om lag 20 % av dei som går inn i den toksiske fasen døyr.
Remove ads
Tyding
Gulfeber er anteken å stamma frå Afrika, men blei importert til Sør-Amerika med den atlantiske slavehandelen. Gulfeber har gjeve svært alvorlige epidemiar i tropiske strøk, men på sommarstid kan myggane som overfører sjukdomen spreia seg nord og sør for tropiske område. Historiske utbrot av tyding er best dokumentert på det amerikanske kontinentet, i 1793 i Philadelphia som førte til at den amerikanske regjeringa flykta frå byen, den dåverande hovudstaden i landet.[2] Eit utbrot i 1878 i Mississippidalen førte til over 20 000 dødsfall. Franskmennene måtte gje opp forsøket på bygging av Panamakanalen rundt 1880 på grunn av epidemiar, blant anna av gulfeber.
Etter at ein forstod at myggar, hovudsakleg Aedes aegypti, var smitteberarar av sjukdomen klarte ein å kontrollere utbrota betre ved å kontrollere denne vektoren. Innføringa av vaksine etter 1937 gjorde at gulfeber kan kontrollerast nokolunde bra i dag, og han er ikkje lenger ein av dei store infeksjonsmedisinske truslane. Likevel anslår Verdas helseorganisasjon at det finst cirka 200 000 tilfelle kvart år med omtrent 30 000 dødsfall.[3]
Remove ads
Historiske forsøk på behandling
Sjukdommen var frykta blant britiske sjøfolk og soldatar som segla til Vest-Afrika. Behandlinga dei blei utsett for kunne forverra tilstanden kraftig i staden for å betra han. På 1700-talet omfatta han dosar med kvikksølv, fortynna eddik, vinstein for å framkalla oppkast og årelating, gjerne av 600-800 gram blod kvar gong, som svekka dei ytterlegare. Ein militærlege gav gulfeberpasientene sine cayennepeppar innpakka i deig, noko som gjorde tilstanden verre, sidan gulfeber svekkjer mageslimhinna.
Elles blei alkohol sett på som førebyggande, og troppane fekk difor daglege rasjonar med rom. Denne var ofte dårleg destillert smuglarbrennevin med høgt innhald av etanol og bly, noko som i tillegg førte til blyforgiftning av soldatane. Madeiravin blei òg tillagt medisinske eigenskapar, så Den britiske marinen sende eit hospitalskip for å hente forsyningar frå øya med same namn. Då ein fransk tenestemann slapp fri ein britisk krigsfange fordi han var militærlege, forklarte han den overraska fangen at overalt der han gjekk, ville han gjera større skade med behandlingane sine enn om han sat fanga hos franskmennene.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads