Gulkronekvitstjert

art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Gulkronekvitstjert
Remove ads

Gulkronekvitstjert (Myioborus flavivertex) er ein fugl i parulafamilien. Han er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Thumb
Foto: David Beadle

Gulkronekvitstjerten når ei kroppslengd på 13 centimeter. Venglengda er 5,6 centimeter hos hannar, hofuglar 3 - 4 millimeter kortare. Hovudet er mest svart, men med iaugefallande gul krone, eit brungult, smalt band som går frå auge til auge over nebbrota. Vengene er mørk olivengrøne med smale grå fjørkantar. Oversida av fuglen er olivengrøn, på undersida er bleik gul. Halen er gråsvart med kvite ytre fjører. Også nebbet og beina er gråsvarte.

Denne parulaen lever i fuktig fjellskog, i tåkeskog og i krattskog i utkanten av skog i høgder frå 1200 til 3050 moh., men mest vanleg over 2000 meter. Under 2000 meter overlappar utbreiinga med skiferkvitstjert, Myioborus miniatus. Gulkronekvitstjerten lever hovudsakleg på insekt. Det skålforma reiret er godt gøymt på bakken eller lågt over bakken. Hekkesesongen er ikkje godt kjend, men ein har funne reir i mai med kull på to egg.

Populasjonsstorleiken er ikkje kjend, er trudd å vere minkande, men arten er klassifisert som livskraftig.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads