Gulltorn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gulltorn
Remove ads

Gulltorn (Ulex europaeus) er ein opptil to meter høg busk i erteblomfamilien. Han har små, eviggrøne blad og kraftige torner. Blomane er gule, og busken kan bløma heile året, men mest om seinvinteren og våren. Blomane har ei karakteristisk, søtleg, vaniljeaktig lukt. Til trass for at heile planten er kledd med stive og svært skarpe tornar, har han blitt hausta som husdyrfôr. Plantene blir då molne opp før dei blir gjevne til dyra.

Kjappe fakta

Busken set preg på landskapet mange stader i Vest-Europa, særleg på Dei britiske øyane, i Vest-Frankrike og i Galicia i Spania. Hekkane som er så typiske for det britiske kulturlandskapet består mellom anna av gulltorn, «gorse». Planten er også innført til andre verdsdelar der han nokre stader har blitt eit brysamt ugras som fortrengjer naturleg vegetasjon. Gulltorn er teke med i Verdas naturvernunion si liste over dei 100 mest skadelege invasive artane i verda.

Ein meinte tidlegare at gulltorn hadde vakse naturleg i Noreg ved Mandal, og arten var oppført som utrydda i eldre utgåver av Norsk raudliste for artar. I Framandartslista blir alle dei fem norske førekomstane vurderte som innførte med ballast eller tømmer. Gulltorn toler lite frost og forsvinn etter nokre år. I Framandartslista er han oppført i kategorien høg risiko på grunn av avgrensa invasjonspotensial og middels økologisk effekt.[1]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads