Gunnar Andersen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gunnar Andersen
Remove ads

Gunnar Andersen (18. mars 189025. april 1968) var ein norsk idrettsmann frå Oslo, skihoppar og fotballspelar. På fotballbana var han ein «eminent halfback, oppoffrende lagspiller og myndig kaptein». I 1918 vart han den fyrste som vart tildelt Egebergs ærespris.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Ski

Sundag 18. februar 1912 sette Andersen uoffisiell verdsrekord då han vann hopprennet i Gustadbakken i Modum med eit bestehopp på 47 meter.[1]

Fotball

Andersen fekk sin landslagsdebut i 1911. Han var i mange år lagkaptein, mellom anna då Noreg i juni 1918 vann 3–1 over Danmark og landslaget kunne bokføre sin fyrste siger. 1919-sesongen spelte han alle fire kampane då Noreg vart uformell skandinavisk meister gjennom to triumfar mot Sverige og siger over Danmark på heimebane. Andersen deltok både i Sommar-OL 1912 i Stockholm og i Sommar-OL 1920 i Antwerpen. I Antwerpen overraska det norske mannskapet ved å slå England, ein av favorittane i turneringa.[2] Då olympiaden var over kom han med som venstre-half på eit tenkt verdslag. Han spelte sin 46. og siste landskamp i 1924.

Andersen spelte på fotballaget til Ski- og fotballklubben Lyn frå 1912 til 1924. Laget tok seg til finalen i noregsmeisterskapen i 1923, der det vart tap mot SK Brann.

Sidan var han fotballdommar.I fleire år sat han i styret til Norges Fotballforbund og i komiteen som tok ut landslaget.

Merittar

  • Tap i cupfinalen: 1923 med Lyn
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads