Gunnar Gren
svensk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johan Gunnar Gren (31. oktober 1920–10. november 1991) var ein svensk fotballspelar, fødd og død i Göteborg. Han vart olympiske meister for Sverige i 1948 og vann VM-sølv i 1958. Gren, som spela indre høgre, deltok i 57 landskampar for Sverige og skåra 32 mål. Klubbspelaren Gren vart seriemeister både i heimlandet og i Italia. Han var aktiv fotballspelar på høgste nivå frå 1938 til 1964.

Remove ads
Karriere
Klubbspel
Gren debuterte i Allsvenskan 1. mai 1938 for Göteborg-klubben Gårda BK. Fire år seinare melde han overgang til IFK Göteborg, der han i sin fyrste sesong, 1941/42, var med å verte svensk seriemeister. I 1946 vann Gren den aller første «Guldbollen», og året etter vart han skyttarkonge i den svenske fotballserien.
Gren var profesjonell fotballspelar i Italia frå hausten 1949. Han spela fyrst tre sesongar i AC Milan, og deretter to sesongar for AC Fiorentina og til siste ein sesong i Genoa. I Milan danna han saman med landsmennene Gunnar Nordahl og Nils Liedholm den historiske Gre-No-Li-trioen. Han var svært populær i Italia, og det italienske publikumet gav han tilnamnet Il Professore (professoren).
I 1956 flytta Gren heim til Sverige, der han var spelande trenar for Örgryte IS frå Göteborg fram til og med 1959. Seinare trena han GAIS, ein annan fotballklubb i heimbyen. Sin siste kamp i Allsvenskan spela han i 1964, 26 år etter den første. Han var då trenar for GAIS, men sidan det gjekk dårleg for klubben, gjorde han comeback som Allsvenskans eldste spelar nokon gong, i eit forsøk på å redde laget frå nedrykk. GAIS enda på sisteplass og rykte ned.
Landslagsspel
Gren debuterte for Sverige i ein landskamp på bortebane mot Finland den 29. august 1940. Han spela på Sveriges landslag som vann gull under OL 1948 i London. Etter å ha fått tilbake amatørstatusen i 1956 spela han landskampar for Sverige til hausten 1958. Ti år etter han vart olympisk meister, spela han indre høgre på det svenske landslaget som nådde finalen i VM 1958 på heimebane. Der vart det 2-5 tap for Brasil.
Merittar
- Olympisk meister med Sverige i 1948
- Sølvmedalje med Sverige under VM i fotball 1958
- Svensk seriemeister 1942 med IFK Göteborg
- Italiensk seriemeister 1951 med AC Milan
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gunnar Gren» frå Wikipedia på svensk, den 17. april 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads