Gunnar Urtegaard

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gunnar Urtegaard
Remove ads

Gunnar Urtegaard (fødd 1952) er ein norsk historikar og forfattar. Han er frå Balestrand. Urtegaard er utdanna cand. phil. Han var leiar av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane frå starten i 1983 til 2001, då han tok permisjon for å arbeide i eit privat firma. Urtegaard satsa sterkt på internett-baserte tenester frå Fylkesarkivet, og data-basane til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har danna modell for andre.

Kjappe fakta

Urtegaard var medlem av edb-utvalet til Norsk lokalhistorisk institutt, Norsk Kunst- og Kulturhistoriske Museers edb-utval, leiar i Landslaget for lokal- og privatarkiv. I 2007 fekk han mellombels engasjement som prosjektleiar for utvikling av nettbasert kultur- og kunnskapsformidling på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Same året vart han avdelingsdirektør i Statens senter for Arkiv, Bibliotek og Muséum (ABM-utvikling) i Oslo. Frå 2011 til 2013 var Urtegaard seksjonssjef i Norsk Kulturråd og frå 2013 til 2015 avdelingsdirektør i Riksarkivet i Oslo.

I 2015 vart han fagdirektør i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Urtegaard har som lokalhistorikar m.a. skrive bygdebok II for Balestrand og skulesoga for kommunen.

Remove ads

Bibliografi

Bøker

  • 1979 Balestrand Idrettslag 50 år : 1929-1979 (Sogndal: Sogne-Prent) I fulltekst ved nb.no
  • 1980 Jordbruksdrift og sosial lagdeling i Balestrand frå 1500 til 1865 (Bergen: Universitetet) I fulltekst ved nb.no  [Hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen, hausten 1980]
  • 1983 Høyanger vidaregåande skule 50 år (Høyanger: Høyanger vidaregåande skule)  [Omslagstittel: Frå Kyrkjebø 2-årige fagskole 1933 til Høyanger vidaregåande skule 1983]
  • 1984 Munnlege kjelder i gards- og ættesoger : innsamling av stofftilfang (Kaupanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)  [Over tittelen: Frå Sogn og Fjordane-arkivet lokalhistorisk kjeldesamling 1984]
  • 1984 Notat om Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (Kaupanger: G. Urtegaard)
  • 1985 Balestrand. Bind 1. Ættesoge : Tjugum sokn til ca. 1900. Fjærland sokn til ca. 1900. Kvamsøy sokn til 1985 (Balestrand: Balestrand kommune) I fulltekst ved nb.no  [Av Jon Laberg, Olav Hoprekstad, Olav Lunden, Gunnar Urtegaard]
  • 1988 Plan for etablering av Vestnorsk reiselivsmuseum (Kaupanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune) I fulltekst ved nb.no  [Utarbeidd av Olav Aaraas, Gøran Rosander, Gunnar Urtegaard]
  • 1991 Balestrand. Bind 2. Gards- og ættesoge : gard nr. 1-34 : gardssoger 1800-1985 : ættesoger 1850-1985 (Balestrand: Balestrand kommune). ISBN 82-992403-0-1 I fulltekst ved nb.no
  • 199? Soga om grunnskulen 1739-1989 : Balestrand kommune (Balestrand: Balestrand kommune)  [Av Gunnar Urtegaard, Bjørn Bering, Hermund Kleppa]
  • 1999 Kulturhistorisk atlas og leksikon for Sogn og Fjordane : førebels liste over prioriterte kulturminne (18.6.1999) (Leikanger: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)  [Av Gunnar Urtegaard, Hermund Kleppa]
  • 2000 Orientering og rettleiing for forfattarar til Kulturhistorisk atlas-leksikon for Sogn og Fjordane (Leikanger: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)  [På omslaget: Rettleiing til forfattarane]

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads