Balestrand
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Balestrand, også kalla Balholm eller Holmen, er ein tettstad i Sogndal kommune i Vestland fylke.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Balestrand kommune.
Balestrand var kommunesenteret i tidlegare Balestrand kommune i Sogn og Fjordane fram til kommunen vart slegen saman med Leikanger og Sogndal til nye Sogndal kommune frå 1. januar 2020.
Sjølve namnet «Balestrand» blei skapt av Henrik Wergeland då han reiste i Sogn i 1832, og skreiv diktet «Framnæs - Balestrand». Namnet kjem av den sentrale garden Bale i bygda. På gamalnorsk betyr Bale ein graskledd bakke ved sjøen. [1]
Tettstaden har 781 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg sørom innlaupet til Esefjorden, på nordsida av Sognefjorden. Balestrand er ein viktig turiststad og har fleire hotel og andre overnattingsstader, mellom andre Kviknes hotel. Her ligg også Norsk Reiselivsmuseum, Sognefjord Akvarium og Balholm AS .
I sommarsesongen går det turistbåtar frå Balestrand ferjekai inn Fjærlandsfjorden og til Flåm. Det er heilårs snøggbåtrute til Bergen.

Foto: Matt Sachtler
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads