Gunvald Ludvigsen
norsk økonom og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gunvald Ludvigsen (fødd 15. februar 1949) i Leirfjord, Nordland) er ein norsk sosialøkonom og politikar (Venstre).
Ludvigsen kjem frå Nordland, men har budd på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane sidan 1983. Han har utdanning i sosialøkonomi frå Universitetet i Oslo frå 1977. Frå 1983 til 1990 var han rådmann i Eid kommune. I 1991 melde han seg inn i Venstre, og sat i kommunestyret i Eid frå 1991 til 1995 og frå 1999. Frå 1993 til 2003 var han direktør ved Nordfjord sjukehus.
Etter kommunevalet i 2003 vart han ordførar i Eid.[1] Ved stortingsvalet i 2005 vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane. Han sat i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads