Gustaf Estlander
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gustaf Axel Estlander (fødd 18. september 1876 i Helsingfors, daud 1. desember 1930 i Stockholm) var ein finsk, seinare svensk, arkitekt, båtkonstruktør og skøytelaupar. Som skøyteløpar representerte han Storfyrstedømmet Finland.
Estlander vann EM på skøyter, allround i 1898. Han vart nest beste laupar i EM i 1897 og 1899, og nest beste lauper i VM på skøyter, allround i 1896 og tredje beste lauper i VM i 1898 men fekk ikkje medaljar då det i perioden 1891–1907 berre vart delt ut medaljar til meisteren.
Han er i Finland og Sverige mest kjend som arkitekt og båtkonstruktør, og han dreiv det tyske verftet Papst-Verft mellom 1918 og 1923. Omtrent 300 konstruksjonsteikningar av Estlanders båtar er i dag teke vare på i Sjöhistoriska museet i Stockholm. Estlander vart i 1927 svensk statsborgar.
Remove ads
Familie
Gustaf er yngre bror til jurist, professor, riksdagsman og OL-seglar Ernst Estlander. Faren deira var Jakob August Estlander, som var professor i kirurgi og statsråd.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads