Gustav Adolph Lammers
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gustav Adolph Lammers (26. mai 1802–2. mai 1878) var ein norsk prest som stifta Noregs første indremisjonsforeining, stortingsmann og arkitekt for fleire kyrkjebygg.
Remove ads
Lammers var fødd i København i Danmark og budde der til han var i kring seks år gammal. Han var 1814-18 elev på katedralskulen i Trondheim. Deretter gjekk han på katedralskulen i Kristiania til han i 1821 vart student. Cand. theol. i 1825.
Frå 1827 var Lammers prest ved hospitalet, tukthuset og dei 'Angellske stiftelser' i Trondheim. Han var sokneprest i Bamble frå 1835 til 1848. Deretter sokneprest i Skien frå 1848, allereie året etter gjorde han det kjent at han ikkje delte statskyrkja sitt syn på barnedåpen og nattverden. År 1853 stifta Lammers den første indremisjonsforeininga i landet.
I 1856 sa Lammers frå seg prestestillinga og melde seg ut av statskyrkja. Han stifta då frikyrkja «Den frie apostolisk-christelige Menighed». Lammers var forstandar for denne, og inspirerte folk andre stader i landet til å danne sine frikyrkjer. Mellom anna var han heilt nord til Finnmark i 1858, og i Stockholm i 1859. Nokre av desse meinigheitene vart leia av han personleg. 12. november 1860 sa Lammers frå seg forstandarskpen for meinigheita og melde seg inn att i statskyrkja.
Remove ads
På stortinga 1839 og 1842 var Lammers stortingsrepresentant for Bratsbergs amt. Han var sekretær i kyrkjekomiteen ved begge høve.
Samstundes som Lammers studerte teologi i Kristiania, var han elev hos Hans Linstow ved Den kongelige Tegneskole.
Lammers var arkitekt då det i 1845 vart bygt ny kyrkje i Bamble. Bamble kyrkje vart reist i ein enkel nygotisk stil. Også korbileta var det han som måla. Han var elles arkitekt for den seinklassisistiske Hisøy kyrkje ved Arendal (1849), og eit bedehus i Skien (1850). Også fleire salmesamlingar stod han bak, mellom anna Christelig Psalmebog (1852).
Etter han i 1860 gav opp prestegjerininga budde han for ein stor del utanlands; Italia, Tyskland og Danmark. I denne perioden laga han fleire altartavler.
Lammers flytta tilbake til Skien eit par år før han døydde der i 1878.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Bokmålswikipedia
Bakgrunnsstoff
- Artemisia: Gustav Adolph Lammers
- Biografisk informasjon om Gustav Adolph Lammers NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads