Gwynedd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gwynedd
Remove ads

Gwynedd er eit administrativt og bevart grevskap i det nordlege Wales. Det har namnet sitt etter mellomalderkongedømet Gwynedd og vart grunnlagt i 1974 som eit av åtte administrative grevskap i Wales. I areal er det eit av dei største, men det er tynt folkesett. Ein stor del av folkesetnaden er walisisktalande og Gwynedd er derfor igjen vorte eit sentrum for walisisk nasjonalisme. Partiet Plaid Cymru fekk gjennombrotet sitt her.

Thumb
Gwynedd med Anglesey
Kjappe fakta Land, Konstituerande land ...
Remove ads

Den 1. april 1996, i samband med ei revidering av grensene mellom dei forskjellige grevskapa i Wales, mista Gwynedd Anglesey, som vart ei sjølvstendig eining og Aberconwy, som gjekk til Conwy. Anglesey er med i det bevarte grevskapet.

Det nye Gwynedd dekker det meste av dei gamle grevskapa Caernarfonshire og Merionethshire; då det først vart oppretta hadde det då òg namnet Caernarfonshire og Merionethshire. Dei lokale politikarane gav det namnet Gwynedd neste dag.

Remove ads

Byar i Gwynedd

  • Bala
  • Bangor
  • Barmouth
  • Caernarfon
  • Dolgellau
  • Frongoch
  • Pwllheli

Sjå òg

  • Kongedømet Gwynedd

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads