Gwyneth Paltrow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gwyneth Paltrow
Remove ads

Gwyneth Paltrow (fødd 27. september 1972) er ein amerikansk filmskodespelar og matskribent.[1][2]

Kjappe fakta

Ho blei først kjend for roller i thrilleren Seven (1995) og det historiske dramaet Emma (1996). Etter leiande roller i det romantiske komediedramaet Sliding Doors (1998) og thrilleren A Perfect Murder (1998) fekk ho verdsvid suksess med rolla si i Shakespeare in Love (1998), som ho vann ein Oscar, ein Golden Globe og to Screen Actors Guild-prisar for.

Frå 2008 har Paltrow spelt Pepper Potts, den kvinnelege hovudrolla i Iron Man-serien i Marvel-universet, i filmane Iron Man (2008), Iron Man 2 (2010), The Avengers (2012) og Iron Man 3 (2013). Ho vann ein Primetime Emmy-pris for «Outstanding Guest Actress in a Comedy Series» i 2011 for si rolle som Holly Holliday i Fox-serien Glee.

Paltrow har reklamer to Estée Lauder-parfymen «Pleasures» sidan 2005, og for det amerikanske motemerket Coach.[3] Ho eig eit livsstilsselska, GOOP, og har skrive to kokebøker.[4]

Ho gifta seg med vokalisten i Coldplay, Chris Martin, i 2003. Dei har to born saman. Paret gjekk frå kvarandre i 2014 og skilde seg i 2016.[5][6][7][8][9]

Remove ads

Filmografi (utval)

  • Iron Man (2008) - Pepper Potts
  • Proof (2005) - Catherine
  • Sydney (1996) - Clementine

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads