Gypsy Roadhog

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«Gypsy Roadhog» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1977 som den einaste singelen frå det syttande studioalbumet deira, Whatever Happened to Slade. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Singelen nådde 48. plassen på den britiske singellista.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Etter at dei hadde framført songen på barne-TV-showet Blue Peter kom det klagar på teksten i songen, og BBC fjerna songen frå spelelista si.[2] Songen nådde dermed ikkje høgare enn 48. plassen på singellista og låg berre to veker inne på lista. Då Whatever Happened to Slade kom ut i mars gjekk det ikkje inn på albumlista i det heile.[3]

Songen handlar om ein kokainlangar i Amerika, men var i følgje Holder ein anti-dop-song.[4] Singelen var den første til Slade som kom ut på Barn, eit selskap eigd av manageren deira, Chas Chandler.[5] B-sida til singelen var «Forest Full of Needles», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samleplata B-Sides i 2007.

Bandet framførte songen på Top of the Pops, Supersonic og Blue Peter.

Remove ads

Innhald

7"-singel
  1. «Gypsy Roadhog» - 3:20
  2. «Forest Full of Needles» - 3:30

Salslister

Meir informasjon Liste (1977), Plassering ...

Medverkande

Slade
Andre medverkande

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads