Håkon Opdal
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Håkon André Eikemo Opdal (fødd 11. juni 1982) er ein norsk fotballspelar frå Odda. Han var fast målvakt i Brann frå sommaren 2004, då klubben selde Ivar Rønningen til Rosenborg, fram til etter 2011-sesongen. Frå 2012 har Opdal vore fyrstemålvakt for den danske klubben Sønderjysk Elitesport.
Remove ads
Karriere
Han vart for alvor ein del av klubben sitt A-lag då Brann selde Magnus Kihlstedt sommaren 2001 til FC København, og debuterte i cupkampen mot Ørn Horten kort tid etter. Han fekk sin eliteseriedebut for Brann i den siste seriekampen i 2002, som innbytar mot Rosenborg. I 2003 fekk han spela fleire kampar frå start ettersom Rønningen i periodar var ute med skade. Han vart ved enkelte høve foretrekt framfor Rønningen då sistnevnte var skadefri, men var for det meste andrevalg.
I 2004-sesongen fekk Opdal mykje av æra for at Brann gjekk til cupfinalen som dei vann. Han vart helt i straffesparkkonkurransen i 4. runde i cupen mot Bodø/Glimt då han vart matchvinnar både som fylgje av viktige redningar, og ved at han sette inn det avgjerande straffesparket sjølv.
Han var ein av Brann sine betre spelarar i 2005 til tross for at Brann-fansen og fotballekspertar meinte at keeperplassen var Brann sin svakaste lagdel før sesongstart. Opdal har fått kritikk for at han manglar autoritet i feltarbeidet, og har fleire gonger slept inn mål som fylgje av dårleg inngriping i feltet. På den andre side er han rekna som svært god på streken, og spesielt imponerande i éin-mot-éin-situasjoner.
I 2006-sesongen har Opdal fortsett utviklinga si. Han held fram å prestera på streken, men har no òg fått betre eigenskapar i feltet. Før sommarpausen slepte Opdal berre inn 7 mål på 11 kampar. Det gjorde at media og landslagstrenar Åge Hareide verkeleg har fått augene opp for Brann-keeperen. Det resulterte i plass i troppen mot Sør-Korea i mai 2006, men Opdal sett på benken heile kampen.
Håkon Opdal har 10 kampar for det norske U21-landslaget. Han har tidlegare spelt for Odda. Far hans er noverande ordførar i Odda kommune, John Opdal.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Håkon Opdal» frå Wikipedia på bokmål
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads