Idrottslaget Hødd

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Idrottslaget Hødd er eit idrettslag frå UlsteinvikSunnmøre. Laget vart stifta 1. august 1919, og er mest kjend for fotballaget som var i eliteserien for menn i 1966, 1969–1972 og 1995. Klubben spelar i 2. divisjon, avdeling 1 (2020).

Kjappe fakta Fullt namn, Kallenamn ...

Hødd vart i 2012 noregsmeistrar etter at dei vann over Tromsø i straffesparkkonkurranse.

Fotballpersonlegdomar som Åge Hareide og Jan Åge Fjørtoft har bakgrunn frå Hødd.

Remove ads

Historie

Hødd rykte opp til toppserien for første gong i 1965 etter å ha vunne serien føre storlag som Brann og Rosenborg. Det vart nedrykk året etter, men Hødd kjempa seg tilbake til toppserien i 1968. Denne gongen klarte klubben å halde seg oppe på målskilnaden. Tida rundt 1970 vart stordomstida for Hødd med storspelarar som Kjetil Hasund og Otto Sundgot. Hødd rykte ned att i 1972.

Etter fleire sesongar i 1. divisjon, med ein visitt i Tippeligaen 1995 (3. sist), rykte klubben ned til 2. divisjon i 2006. Etter ein katastrofal vårsesong og trenarskifte, fekk Hødd ein god haust og sanka ein del poeng. Men det heldt ikkje til å berge plassen. Erik Brakstad sa opp som trenar etter sesongen.

Etter 2006-sesongen tilsette dei årets tippeligatrenar i 2002, Sture Fladmark, som ny hovudtrenar. Klubben satsa hardt på å nå målet om opprykk i 2007-sesongen. Klubben reduserte ikkje budsjettet nemneverdig, men styrkte spelarstallen og tilsette hovudtrenararen på fulltid. 20. oktober 2007, i nest siste serierunde, vart det klart at Hødd skulle spele i 1. divisjon i 2008. Hødd er per dags dato det laget som har spelt flest sesongar i Adeccoligaen.

Hødd vart cupmeister i 2012 etter å ha slått Tromsø på straffer i Cupfinalen i fotball for herrar 2012. Som fylgje av god nynorskbruk og promotering som "noregsmeister", so fekk Hødd ein Målblome av Sunnmøre mållag.[1]

Eliteserielag: 1966, 196972 og 1995.

Remove ads

Kjende Hødd-spelarar

Adelskalender

Meir informasjon Namn, Kampar ...

Merittar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads