Jan Åge Fjørtoft
norsk tidlegare fotballspelar og trenar og kommentator From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jan Åge Fjørtoft (fødd 10. januar 1967 Ålesund) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Han er eigentleg frå Gursken i Sande kommune i Møre og Romsdal. Han var ein målfarleg spelar som har spelt for ei rekkje forskjellige klubbar i Noreg, Austerrike, England og Tyskland. Han spelte 71 landskampar for Noreg, der han var kaptein i 15 av dei og skåra 20 mål.
Remove ads
Karriere
Jan Åge Fjørtoft jobba i ei periode som ekspertkommentator for NRK, men slutta då han vart manager for Lillestrøm Sportsklubb i august 2004. Då han var manager for LSK (Lillestrøm Sportsklubb, jobba han òg ved sidan av som programleiar i TV3. I slutten av 2006 var han i ei periode trenar for Lillestrøm saman med Frode Grodås og Erland Johnsen. Han var trenar etter at Uwe Rösler gjekk av, til Tom Nodlie tok over. I den perioden spelte klubben seks (6) kampar i Royal League, tre (3) sigarar, og tre (3) uavgjort.
Etter fire og eit halvt (4,5) år som manager i LSK slutta Jan Åge etter 2008-sesongen. I denne perioden hadde Lillestrøm vore finalist i både Cupfinalen i 2005 og i Royale League-finala i 2006, men tapte begge. Ein positiv opptur for LSK, i ein elles svak sesong var noregsmeistertittelen i 2007. I Cupfinala 11. november 2007 kunne LSK lyfte Kongepokalen for fyrste gong på 27 år, etter å ha slått Haugesund 0-2. Fjørtoft er i dag programleiar i Viasat, der han leiar kanalen sine sendingar i Champions League, den engelske FA-cupen og Noreg sine bortelandskampar. I tillegg skal han leie sendingane i den nye Europa-ligaen. Jan Åge er òg strategisk konsulent for organisasjonar i firma i inn- og utland.
I løpet av karrieren scora han ei rekkje viktige mål (totalt 307 mål på 620 obligatoriske kampar), både på klubb- og landslag. Det viktigaste målet han scora, i fylgje seg sjølv, var det målet han scora i den siste serierunda i 1999. Eintracht Frankfurt slo Kaiserslautern 5-1, sneik seg framfor Nürnberg ved hjelp av målforskjellen og berga dermed plassen i Bundesliga.
På landslaget vert han nok mest huska for målet han scora borte mot Polen i 1993, då han brukte «Fjørtoft-finta» og gav Noreg leiinga 2-0. Med det målet hadde Noreg i realitetane kvalifisert seg til VM i fotball i 1994 for fyrste gong sidan 1938. Jan Åge vart, som andre utanlandske i Austerrike, kåra til årets spelar i 1990.
Remove ads
Klubb- og kampoversyn
* Berre seriekampar.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads