Remove ads

Høgsfjordsambandet er namnet på eit ferjesamband som kryssar Høgsfjorden mellom Oanes og Lauvvik i Sandnes kommune. Før opninga av Lysefjordbrua i desember 1997, så var også Forsand ein del av ferjesambandet, trekantsambandet Lauvvik-Oanes-Forsand.

Thumb
MF «Høgsfjord» ved kaia på Lauvvik.
Foto: Hallvard Nygård

Historie

Sambandet over Høgsfjorden vart starta opp rundt pinsa 1962. Det var bilferja M/F Høgsfjord med plass til tolv bilar som farta sambandet. Dei første dagane var det opp til seks timars ventetid på grunn av stor trafikk som følgje av at innbyggjarane i områda rundt skulle teste ferja. Det var Høgsfjord Rutelag som dreiv sambandet i starten.

I 1966 vart M/F «Oanes» (tidlegare M/F «Kleppestø») med plass til 22 biler setten inn i tillegg til M/F «Høgsfjord». M/F «Oanes» var bygd i 1955 og vart kjøpt frå Rutelaget Askøy-Bergen. Seinare vart begge ferjene skifta ut med MF «Høgsfjord» (bygd i 1978).

Den første MF «Høgsfjord» slutta å gå på sambandet i 1990. Då tok truleg MF «Frafjord» over før den nye MF «Høgsfjord» vart setten i drift i 1992. Med nye MF «Høgsfjord» vart effektiviteten i Høgsfjordsambandet sterkt betra. Saman med tvillingferja MF «Hjelmeland») var ho utvikla spesielt for små og korte samband med mange avgangar i døgnet. Den hadde òg sidevegs maskinkraft for enklare manøvrering til kai.

Fram til Ryfylketunnelen opna i 2019 gjekk riksveg 13 over Høgsfjordsambandet.

Remove ads

Ferjer i Høgsfjordsambandet

  • 1962-1978, MF «Høgsfjord», 12 PBE
  • 1966-1978, MF «Oanes» (tidlegare M/F «Kleppestø»), 22 PBE
  • 1978-1990, MF «Høgsfjord» (nå MF «Halsa»), 40 PBE
  • 1990-1992, MF «Frafjord» (55 PBE)
  • 1992-i dag, MF «Høgsfjord», 75 PBE

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads