Høgskolen i Østfold

From Wikipedia, the free encyclopedia

Høgskolen i Østfold
Remove ads

Høgskolen i Østfold (HiØ) er ein statleg høgskole i Noreg, som vart etablert 1. august 1994. Høgskolen har vel 4000 studentar og 450 tilsette. Den er ein av 22 statlege høgskolar i Noreg og er eit resultat av at fem statlege høgskolar i Halden, Sarpsborg og Fredrikstad vart slått saman som ein del av Høgskolereforma i 1994. Dei fem høgskolane som fusjonerte var Østfold sykepleierskole (etabl. 1955), Halden lærerhøgskole (etabl. 1963), Østfold ingeniørhøgskole (etabl. 1965), Østfold distriktshøgskole (etabl. 1977) og Østfold vernepleierhøgskole (etabl. i 1980).

Kjappe fakta Grunnlagt, Type ...

Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studiar. Det er mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kan halde fram med utdanninga i utlandet etter fullførte studiar på HiG.

Høgskolen sine avdelingar:

  • Avdeling for helse- og sosialfag på Kråkerøy i Fredrikstad
  • Avdeling for lærarutdanning på Remmen i Halden
  • Avdeling for ingeniørfag på Kråkerøy i Fredrikstad
  • Avdeling for informasjonsteknologi på Remmen i Halden
  • Avdeling for økonomi, språk og samfunnsfag på Remmen i Halden (Bytta namn frå Avdeling for samfunnsfag og fremmedspråk den 29.1.07)
  • Akademi for scenekunst i Gamlebyen i Fredrikstad

Det er òg etablert samarbeid mellom Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) på Ås for å utvikle undervisningstilbodet og moglegheitene for innovasjon.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa er òg plassert i høgskolen sine lokale i Halden.

Remove ads

Sjå òg

  • Studentsamskipnaden i Østfold
  • DMpro
  • Halden Studentsamfund

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads