H.C. Andersens Lind

From Wikipedia, the free encyclopedia

H.C. Andersens Lind
Remove ads

H.C. Andersens Lind er eit stort einstamma lindetre i Augustenborg Slottspark. Fram til 2020 var treet 28 meter høgt og hadde ein omkrins på 5,3 meter.[1]

Kjappe fakta Stad, Land ...

Under treet er det ein benk med utsikt over Augustenborg Fjord der det blir at sagt H.C. Andersen fann skugge og inspirasjon til eventyra sine.[2] H.C. Andersen var på Augustenborg Slott 11.-29. september 1844 som gjest av hertugen av Slesvig-Holsten-Sønderborg-Augustenborg Christian Carl August og hertuginne Louise Sophie. Andersen hadde tidlegare vitja kongeparret på øya Før i Vadehavet, der han møtte hertuginna av Augustenborg, som inviterte han til å besøka slottet.[3]

H. C. Andersen-linda blei svært skadd under ein sterk storm i 2020. Tilbake står ein avbroten stamme som har fått nye skot. Stammen blir halden opprett ved hjelp av to jernbjelkar som kommunen har sett opp i eit forsøk på å verna det historiske treet.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads