Hagar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hagar er ei kvinne i Den hebraiske bibelen. Ho opptrer i Fyrste Mosebok saman med Sara og Abraham og sonen sin, Ismael.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hage.
Koranen omtalar Hagar, sjølv om han ikkje nemner henne ved namn. I islam er ho æra og rekna som andrekona til Abraham og stammor til profeten Muhammed.
Remove ads
Bibelsoga om Hagar

Hagar er ei egyptisk slavekvinne som Sara overlèt til ektemannen Abraham fordi ho sjølv er barnlaus. [1]

Hagar blir svanger, og byrjar å sjå ned på Sarai. Då audmjuker Sarai henne slik at ho rømmer ut i ørkenen. Men ved ei vasskjelde «på vegen til Sjur», seinare kalla Lahai-Ro'i-brønnen, blir ho møtt av ein engel som bed henne venda tilbake og la seg audmjuka.[2] Han lovar henne:
« | Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.» [...]
Sjå, du er med barn |
» |
—1 Mos 16,10-11 i Bibelen 2011[3] |
Hagar får sonen Ismael. Etter at Sara har fått sin eigen son, Isak, får ho Abraham til å jaga bort Hagar og Ismael.[4] Gud lover Abraham: «Ikkje ta det så tungt, dette med guten og tenestekvinna. Du skal høyra på alt det Sara seier til deg. For gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di. Men sonen til slavekvinna vil eg òg gjera til eit folkeslag, for han er ditt barn.»[5]
I ørkenen ved Beer-Sjeba går Hagar seg vill og går tom for vatn. Ho går eit stykke bort frå sonen fordi ho ikkje vil sjå han døy. Då blir ho fortald av ein engel frå Gud at ho skal få hjelp og at sonen skal bli opphav til eit stort folkeslag. Ho finn då ein brønn med vatn slik at dei overlever. Etterkvart finn ho ei kone til han frå Egypt.[6]
Remove ads
Hagar i Det nye testamentet
Forteljinga om dei to kvinnene og dei to barna deira er allegorisk tolka i Galatarbrevet i Det nye testamentet.[7][8]
Galleri
- 'Hagar blir ført fram for Abraham' (1699) av Adriaen van der Werff
- 'Abraham fordriv Hagar og Ismael (1657) av Guercino
- Agar dans le désert (1835) av Jean-Baptiste Camille Corot
- Hagar og engelen av Pietro da Cortona
- Agar regardant son fils boire après la découverte de la source av Philippe-Jacques de Loutherbourg
- Hagar Giving Ishmael Water From the Miraculous Well in the Desert av Charles Paul Landon
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads