Haim Oron

From Wikipedia, the free encyclopedia

Haim Oron
Remove ads

Haim «Jumas» Oron (fødd 26. mars 1940) er ein israelsk politikar og tidlegare landbruksminister. Han var leiar i det politiske partiet Meretz-Yachad, som han òg representerte i Knesset, den israelske nasjonalforsamlinga.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Foreldra hans emigrerte frå Polen før andre verdskrigen. Faren var tekstilarbeidar og mora husmor.

Etter militærtenesta i den israelske hæren, slutta Haim Oron og kona hans seg til ein kibbutz. Dei hadde fire barn, men eitt døydde tidleg i ei ulykke. Oron og kona bur framleis i kibbutz og løna hans som Knesset-medlem går inn i felleskassa på kibbutzen.

Oron vart i 1968 sekretær i den sosialistiske rørsla Hashomer Hatzair. Han var ein av grunnleggjarane av fredsrørsla Peace Now i 1978. I 1988 vart han innvald i Knesset for det venstresosialistiske partiet Mapam, som i 1992 gjekk saman med to andre grupper og vart til partiet Meretz, der han i 2008 vart vald til leiar.

Oron har òg vore kasserar i Histadrut, det israelske LO, og i 1999 vart han landbruksminister i Ehud Barak si regjering.

Oron er ein nær venn av palestinaren Marwan Barghouti, som sit i israelsk fengsel.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads