Haka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Haka
Remove ads

Haka er ein seremoniell dans i maorikulturen. Dansen vert framført av ei gruppe dansarar, og nyttast for å visa byrgskap, styrke og samhald.[1] Haka vert ofte sett på som ein krigsdans som skal gjera mannlege krigarar klåre til strid, men haka har vorte dansa av både kvinner og menn.[2]

For kroppsdelen, sjå hake.
Thumb
Eit måleri av ein haka-dans, måla av Joseph Jenner Merrett i ca. 1845.

Kjenneteikn

Rytmisk tramping med bein og tromming på kroppen, framspring av tunge og felles brøling kjenneteiknar haka-dans.[1]

Framvising

Det finst ulike variantar av haka, som vert nytta i ulike samanhengar. Æresgjestar kan ynskjast velkomen med ein variant av haka.[3] Haka-dans kan elles verta framført ved viktige hendingar, sportslege eller festlege høve, eller dansast i samband med gravferder.[2][4]

Haka i rugby

Det newzealandske herrelandslaget i rugby union – òg kjent som All Blacks – har gjort dansen internasjonalt kjend, då laget alltid dansar ein variant av haka føre kvar kamp. Mange av dei newzealandske rugbyspelarane er sjølv maoriar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads