Hakeparentes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hakeparentes, [ og ], er ein parentes laga av rette, vinkelbøygde strekar, til skilnad frå vanleg parentes (bogeparentes).[1] Parentestypen blir også kalla skarpe klammer og klammeparentes, noko ein også kan gjera med sløyfeparentes eller krøllparentes.[2]
Remove ads
Bruk
Hakeparentes blir ofte nytta til å leggja til forklarande materiale eller for å markera kvar eit [ord] eller [ei gruppe ord] er blitt utelatne frå tekstar av nokon andre enn opphavspersonen. Teikna kan også markera endringar i sitat.[3] I transkriberte intervju, lydar, svar og reaksjonar kan reaksjonar som ikkje er ord skildrast inni hakeparentes: — «... [ler] ...».
Når sitert materiale er endra på noko som helst vis blir endringar omslutta av hakeparentes inni sitatet for å visa at sitatet ikkje er heilt nøyaktig attgjeve, eller for å leggja til ei forklaring.[4] Til dømes: Saksøkjaren sa,
[s]aken min [sic] er rettvis.
I den opphavlege setninga var ordet «saken» skrive med stor bokstav, denne er gjort om til liten i sitatet og endringa markert med hakeparentes. Der sitatet inneheld ein grammatisk er («saken min» i staden for «saka mi») signaliserer forfattaren at feilen fanst i den originale teksten ved å skriva «[sic]» (latin for 'slik') i hakeparentes.
Ein ellipse i hakeparentes, [...], blir ofte nytta for å indikera utelate materiale: «Eg vil gjerne takka [fleire uviktige folk] for toleransen deira [...]»[5] Kommentarar i hakeparentes sett inn i sitat indikerer at den opphavlege teksten er blitt modifisert for å klargjera han: «Eg set pris på det [æra], men eg må takka nei,» og «framtida til psionikk [sjå definisjon] er i tvil.» Eller ein kan sitera den opphavlege utsegna «eg hatar å ta oppvasken» med ei (av og til grammatisk) endring i hakeparentes: Han «[hata] å ta oppvasken».
Ein liten bokstav kan også erstattast av ein stor, som når ein byrjar ei setning med ein del av den opphavlege teksten eller når originalteksten er blitt avkorta — som når ein forkortar eit langt sitat frå: «To the extent that policymakers and elite opinion in general have made use of economic analysis at all, they have, as the saying goes, done so the way a drunkard uses a lamppost: for support, not illumination» til: "[P]olicymakers [...] have made use of economic analysis [...] the way a drunkard uses a lamppost: for support, not illumination.» Når ein nytta ein parentesinni ein anna parentes kan ein av og til nytta hakeparentes til det indre parentesparet.[6] Vil ein ha endå fleire parentesar inni er det vanleg å bytta mellom parentes og hakeparentes på kvart nivå.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads