Hakim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hakim
Remove ads

Ḥakīm og ḥākim er to arabiske titlar som er avleidde frå den same rota, Ḥ-K-M ‘utnemna, velja, døma’.

Thumb
Frå Hakim-moskeen i Isfahan, kalla opp etter lækjaren Moḥammad-Dāvud Khan Ḥakim.
Thumb
Frå Hakim Sabzevari universitet i Sabzevar, kalla opp etter den lærde Hadi Sabzavari.

Hakīm (حكيم)

Denne tittelen er eit av dei 99 namna til Gud i islam.

Hakīm (alternativ transkripsjon Hakeem) tyder ‘vismann’ eller ‘lege’, eller generelt, ein utøver av urtemedisin, særleg unani og islamsk medisin, som Hakim Ajmal Khan, Hakim Said, Hakim Syed Zillur Rahman osb.

Hakīm eller hakeem (urdu حکیم, hindi हकीम) blir òg brukt for utøvarar av austleg medisin,[1] eller dei som er dyktige i innfødde medisinsystem.[2]

Hakīm blei òg brukt meir generelt under den muslimske gullalderen for å referera til polyhistorar som var kunnskapsrike innan religion, medisin, vitskap og muslimsk filosofi.

Nokre døme på hakīmar er:

Remove ads

Hākim (حاكم)

Hākim (alternativ transkripsjon hakem) tyder ein herskar, guvernør eller dommar. Som med mange titlar, kan det òg opptre som del av personnamn.

I arabiske land

  • I Libanon var den fulle tittelen på emirane under osmansk (og ei tid egyptisk) suverenitet al-Amir al-Hakim (الأمير الحكيم), 1516-1842
  • I tre framtidige emirat i Persiabukta var den fyrste monarkiske tittelen hakim:
    • Frå 1783, då den erobrande al-Khalifah-ætta slo seg ned på Bahrain, til 16. august 1971, var nemninga Hakim al-Bahrayn (حكيم البحرين, 'Herrane av Bahrain'), deretter Amir Dawlat al-Bahrain (أمير دولة البحرين , 'Emir av staten Bahrain'); frå 14 februar 2002 har dei blitt kalla Malik al-Bahreyn (ملك البحرين 'Konge av Bahrain').
    • I Kuwait, sidan staten blei grunnlagd i 1752, hadde det regjerande Al Sabah-dynastiet tittelen Hakim al-Kuwayt (حكيم الكويت, 'Herskar av Kuwait'), frå 1871 òg kaymakam (قایمقام), ‘distriktsadministrator’, medan dei anerkjende suvereniteten til Det osmanske riket (som Kazan [distriktet] i Bagdad og frå 1875 Basra Vilayet (ولایت, setet til guvernørane, kalla wali, i Irak) fram til 3. november 1914, då under britisk protektorat) til sjølvstendet den 19. juni 1961. Siden denne tida har nemninga offisielt vore Amir ad-Dawlat al-Kuwayt (أمير الدولة الكويت, 'Emir av staten Kuwait');
    • 12. september 1868 gjorde Muhammed ibn Thani ein avtale med britane som effektivt etablerte Qatar (tidlegar sett på som underlag Bahrain) som ein uavhengig stat (til slutt avgrensa til Doha og Wakrah, men fyrst etterpå utvida til heile halvøya), var tittelen til al-Thani-dynastiet Hakim Qatar (حكيم قطر, 'Herskar av Qatar'). Frå 1871 blei dei òg kalla kaymakam, den osmanske distriktsadministratoren, som med Kuwait over, fram til 3. november 1916, etter det under det britiske protektoratet. Frå 3. september 1971, då staten blei sjølvstendig frå Storbritannia, har tittelen vore Amir Dawlat Qatar (أمير دولة قطر, 'Emir av staten Qatar').
  • I Libya var «hakim» frå 1946 til 12. februar 1950 tittelen til herskaren av sultanatet Fezzan (فزان) under FN-administrasjonen (i praksis av Frankrike, med sin eigen samtidige militære guvernør). Den einaste med tittelen, Ahmad Sayf an-Nasr (død 1954), blei att som regional wali (guvernør; på fransk Chef du territoire 'hovud for området') i det sameinte Kongeriket Libya fram til 24. desember 1951, saman med ein fransk resident, og deretter, utan ein slik fransk embetsperson, som den fyrste kongelegw guvernøren (til 1954).
  • I Jemen fram til 1902 (endra til sultan) var herskarane av Quaiti-staten Shir og Mukalla, ash-Shihr Wa'l Mukalla, som før samlinga med Naqib i Mukalla-staten 10. november 1881, har det vore fyrstetittelen ash-Shihir sidan sjølvstande frå osmanarane i 1866.

Andre stader

  • I Makran-regionen i Sistan og Balutsjistan-provinsen i Iran viser hakom til sardarar og khanar i tradisjonelle balutsji-styre.[3]
  • I Indonesia, Malaysia og Tyrkia tyder hakim ein dommar.
  • I Nepal var det ein Bada Hakim som hadde ansvar for eit distrikt i landet.
  • I Bukhara-emiratet var hakem tittelen til ein guvernør.
  • I Nigeria blir Sokoto-kalifatet seremonielt styrt av hakimai (eintal hakimi), høvdingar som står i ansvar for sultanen i Sokoto og emirane i riket.
  • I Usbekistan blir ordet hokim brukt for å skildra ein guvernør eller borgarmeister i i ein region.
  • I Kasakhstan blir termen äkim brukt til å skildra borgarmeistrar på lokalt nivå eller guvernørar i regionane i landet.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads