Haljem
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Haljem, også skrive Halhjem, er ein liten tettstad sør i Bjørnafjorden kommune i Vestland. På Halhjem er det ein ferjekai med ferjesamband til Sandvikvåg på Fitjar og til Våge på Tysnes. Ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg er ein del av Kyststamvegen.
Fram til og med 1999 rekna Statistisk sentralbyrå Haljem som eigen tettstad, men sidan har Haljemsområdet vore medrekna til tettstaden Osøyro. I 1999 budde det 991 personar på Haljem.[1]
Halhjem har hatt busetnad frå tidleg i den menneskelege historia. Mellom anna har ein funne helleristingar der.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads