Halifax
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Halifax er provinshovudstad i Nova Scotia i Canada. Folketalet var i 2006 372 679, noko som gjer byen til den 13. mest folkerike i Canada.[2] Den opphavlege byen Halifax vart oppløyst i 1996 då Halifax regionalkommune vart skipa.
Remove ads
Den første europeiske busetjinga i Halifax kom i 1749. Området var opphavleg folkesett av mi'kmaq-folket. Dei kalla området Jipugtug, som betyr den store hamna. I 1917 blei Halifax øydelagt i den største menneskeskapte eksplosjonen før Hiroshima-bomba. Dette skjedde då det franske skipet Mont-Blanc, som var lasta med eksplosiver, kolliderte med det norske skipet Imo, lasta med naudhjelpsutstyr. Mont-Blanc tok fyr i samanstøyten, og lasta eksploderte.
Byen er ein viktig hamneby og baserer økonomien på fiske og import. Under andre verdskrigen var Halifax eit knutepunkt i den allierte konvoitrafikken. I Halifax er det fem universitet: Dalhousie, Saint Mary's, University of King's. College, Mount Saint Vincent, og Nova Scotia College of Art and Design (NSCAD).
Dei fleste omkomne frå skipet Titanic blei gravlagt i Halifax.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads