Halldis Neegaard Østbye
norsk NS medlem From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Halldis Neegaard Østbye (fødd 3. mai 1896 i Stor-Elvdal, død 19. oktober 1983 i Oslo) var ein norsk forfattar, antisemitt og nasjonalsosialist. Østbye var før og delvis under andre verdskrigen framståande i Nasjonal Samling. Ho var også den første formannen i Damenes skiklubb og bidrog såleis til kvinneskisporten si utvikling i Noreg.
Remove ads
Bakgrunn
Etter å ha fullført handelsgymnasium gjekk Østbye inn i arbeidslivet som kontordame. Frå 1924 til 1927 arbeidde ho som sekretær i finansbladet Økonomisk Revy.
Ho var aktiv i skiidretten og vart ein pådrivar for at kvinner fekk konkurrere. Etter eit opphald i Sveits vart ho interessert i alpinsport og søkte å fremme denne for kvinner i Noreg. I 1931 var ho mellom initiativtakarane til Damenes skiklubb.[1] Ho blei vald til foreningas første formann.[2]
Østbye gifta seg med skiprodusenten Peter Østbye.
Remove ads
Politikk
Før krigen
Østbye meldte seg i 1933 inn i Nasjonal Samling. Etter kort tid høyrte ho til den indre krinsen i partiet og ho vart partileiar Vidkun Quislings fortrulege.[1] I 1934 vart Østbye propagandaleiar i NS Kvinneorganisasjon. I 1935 blei ho utnemnd til leiar for presse- og propagandakontoret til NS i Oslo. Østbye skreiv i 1938 Jødeproblemet og dets løsning, dette under pseudonymet Irene Sverd. Det kom i ny utgåve i 1942 og igjen i 1943. Østby bidrog til å gjere Nasjonal Samling antisemittisk.[3]
Under krigen
Østbye var fram til 1940 sentral i partiet, men i det statsberende partiet under okkupasjonen fekk ho ingen sentral posisjon. I løpet av åra 1940–1942 vart Østbye fråtatt alle verv. Hun mista stillinga som redaktør i Fritt Folk, og vidare blei ho fråtatt vervet som leiar av Kvinnehirden. Gulbrand Lunde overtok i mai 1940 propagandaavdelinga. Om vinteren i 1944 kom Østbye tilbake i ein formell posisjon, då som leiar for det nyoppretta Antikommunistisk Institutt (AKI), som blei lagt under Kulturdepartementet. Østbye leia studiesirklar og heldt talar, og dei mange propagandaskriftene skreiv ho for det meste sjølv.
Østbye var aktiv som skribent. Ho skreiv Boken om Quisling, Englands stemme, Quislingsaken og sitatsamlinga Quisling har sagt i fire bind. Dessutan begynte ho på Nasjonal Samlings historie, som nådde å komme ut med eitt bind før krigen var slutt. I mars 1942 arrangerte ho òg ei antikommunistisk utstilling kalla «Bolsjevismen i praksis». Generelt synte ho ei brutal haldning til jødar.
Etter krigen
Østbye vart 15. mai 1945 tatt av heimestyrkar i Rendalen, der ho var på flukt saman med mannen sin og ein av pleiesønene.[4] I desember 1948 kom saka hennar opp for Oslo byrett.[5] Særleg merksemd blei retta mot brevet ho i oktober 1942 skreiv til Quisling om tiltak mot jødane i Noreg.[6] Ho blei 22. desember 1948 dømt til sju års tvangsarbeid for verv i partiet, utfall mot jødane og tilfelle av angiveri.[7][1]
Før ho vart kalla inn til soning, hadde ho skifta namn og reist utanlands med falsk pass.[1] Planen var å dra til Canada, men ho hamna via Tanger og Irland i Spania, der planane vart endra og familien drog heim til Noreg.[1] Ho blei tiltalt for å ha rømt med falsk pass og fekk fem månaders fengsel på vilkår.[8] Østby begynte så soning av landssvikdommen. Hun slapp ut av fengselet i 1953.[1]
Remove ads
Referansar
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads