Nasjonal Samling

norsk politisk parti From Wikipedia, the free encyclopedia

Nasjonal Samling
Remove ads

Nasjonal Samling (NS) var eit norsk politisk parti stifta 13. mai 1933 av leiaren Vidkun Quisling. Ved stortingsvala i 1933 og 1936 fekk NS om lag 2 % av stemmene.

Kjappe fakta Land, Partileiar(ar) ...
Thumb
NS-merket med ørn og solkross.

Ideologien vart etter 1934 orientert mot nazisme og fascisme. Den militære organisasjonen vart kalla hirden. Quisling etablerte ei kuppregjering då tyskarane invaderte 9. april 1940, men ho varte berre i tre dagar før Administrasjonsrådet tok over 15. april. Seinare under den tyske okkupasjonen vart Quisling frå 1. februar 1942 ministerpresident i ei nesten rein NS-regjering som styrte på tyskarane sin nåde. Likevel hadde partiet 44 000 medlemmer i 1943.[treng kjelde]

Partiet slutta å eksistere ved freden 8. mai 1945. Etterpå blei mange tidlegare medlemmer straffa i det norske landssvikoppgjeret, mellom anna fordi medlemskap i partiet var blitt gjort straffbart av den norske eksilregjeringa. Partileiaren Quisling og andre framståande partimedlemmer blei avretta. Andre medlemmer måtte sona fengselsstraffer. Ofte opplevde også dei og familiane deira å bli frosne ut eller uformelt straffa på andre vis av nærmiljøet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads