Halldor Ukristne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Halldor Ukristne
Remove ads

Halldor Ukristne (norrønt Halldórr ókristni) var ein norsk skald som var aktiv i byrjinga av 1000-talet.

Thumb
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Det einaste vi veit om Halldor Ukristne er at det er nemnt i Skaldatal[1], at han var ein av hirdskaldane hjå Eirik Håkonsson Ladejarl då han hadde styringa med Noreg i tida 1000-1015.

Vi kjenner til berre eit dikt av han, åtte vers av «Eiriksflokkr»[2][3] som er eit drottkvede (dróttkvætt[4]), eit hyllingskvad til Eirik jarl. Diktet er òg stundom kalla «Eiriksdråpa» og ein trur at det kan ha vore dikta medan Eirik jarl framleis levde. Diktet er teke med i Heimskringla, i Soga om Olav Tryggvasson[5], og skildrar slaget ved Svolder.

Tilnamnet «ókristni» betyr «den ukristne» og ein reknar med at namnet kjem av at Halldor var mellom dei som avviste kristendommen og heldt seg til dei gamle gudane. Det er kjent at Eirik jarl var tolerant i høve til religion og let folk flest få tru på det ville. Ein har vel hatt lett for å tru at samfunnet dermed var lite «kristna» då ladejarlane styrte. Men dersom det ikkje var noko særsyn at folk heldt på dei gamle gudane, kan ein undre seg på kvifor han fekk eit slikt tilnamn; kanskje var grunnen motsett, og nettopp den at det på denne tida var heller uvanleg i å rekna seg som «ukristen»?

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads