Hallo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hallo er ein interjeksjon som kan brukast som helsingsord eller for å påkalla merksemd. Ordet finst på ei rekkje språk, og har hovudsakleg spreidd seg som frå engelsk som eit ord ein byrjar telefonsamtalar med. Det har likevel gammalhøgtysk opphav.

Remove ads

Bruk

«Hallo, 'allo, 'allo, what's this?»

Agatha Christie
The Body in Library, 1942

Ein kan til dømes seia «hallo» når ein treffer ein person, til å starte ein samtale med eller for å finna ut om det er nokon ein stad. Ein kan også bruka ordet meir uformelt for å påkalla merksemd mot noko ein meiner er rart.

Ordsoge

Engelsk hallo eller hello kjem frå gammalhøgtysk halâ/holâ, ei imperativsform av halôn/holôn, 'henta', som særleg blei brukt til å få få fatt i ferjemenn.[1] Ordet blei brukt for å påkalla merksemd eller for å uttrykka overrasking.

Hallo på telefonen

Thumb
Telefondame frå byrjinga av 1900-talet.

Thomas Edison skal ha innført «hello» som telefonord. Telefonoppfinnaren Alexander Graham Bell føretrekte «ahoy», som ein brukte på skip, som helsingsord.[2] Ordet «hello» blei likevel så tett knytt til telefonen at amerikanske telefondamer blei kjende som hello-girls.[3]

Sjå og

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads