Muskel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Muskel er ein av dei fire hovudvevtypane i kroppen og har i oppgåve å røra delar av kroppen og å flytta stoff rundt i han. Utan musklar ville me ikkje ha kunna røra på oss, og indre organ ville heller ikkje ha verka.

Det finst tre ulike typar muskelvev:
- Tverrstripa muskelvev som er festa til skjelettet og får lemmane til å røre seg, og kan trøytna.
- Hjartemuskelvev som finst i hjartet, verker av seg sjølv, og ikkje blir trøytt.
- Glatt muskelvev som finst inni organ, som tarmane, halsen og blodårene, og ikkje blir trøytt.
Det er den førstnemnde typen me gjerne tenker på når me snakkar om musklar.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads