Halvard Lange
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Halvard Manthey Lange (16. september 1902–19. mai 1970) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var utanriksminister frå 1946 til 1965, berre avbroten av dei 28 dagane til Regjeringa Lyng i 1963, og såleis er han den som har hatt denne posisjonen lengst i Noreg.
Remove ads

Lange sat som stortingsrepresentant frå 1950 til 1969 og var medlem i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre i perioden 1945–67. Han var son av fredsprisvinnaren Christian Lous Lange, og bror av stortingsrepresentanten Carl Viggo Manthey Lange.
Lange spela ei historisk rolle som utanriksminister gjennom at han braut med nøytraliteten Noreg tradisjonelt hadde hatt ved å leie landet inn i Atlanterhavspakta og NATO.[1]
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads