Hamad by
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Madinat Hamad eller Hamad by (arabisk مدينة حمد) er hovudsakleg ein pendlarby nord i Bahrain. Han var tidlegare ein eigen kommune, men vart så ein del av kommunen Ar Rifa' wa al Mintaqah al Janubiyah i 1991. I dag ligg området i Nordguvernementet. Namnet refererer til den noverande kongen av Bahrain, Hamad ibn Isa Al Khalifah.
Hamad by vart grunnlagd i 1984 som ein busetnadsby, der staten bygde kommunale bustader for dei som ikkje hadde råd til dei aukande bustadprisane i andre delar av landet. I 1990 opna staten dørene for kuwaitarar som leid etter golfkrigen med Irak. Dei gav gratis hus og skule i Hamad. Kuwaitarane reiste heim tidleg i 1991 då krigen var over.
Remove ads
Geografi
Hamad by ligg 18 km frå hovudstaden Manama og 19 km frå flyplassen. Han ligg nær Sakheer der den store Formel 1-banen (Bahrain International Circuit), ligg.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads