Manama
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Manama (arabisk المنامة Al Manāma) er hovudstaden og den største byen i Bahrain, med om lag 157 000 innbyggjarar. Han var lenge eit viktig handelssenter i Persiabukta og har ein særs mangfaldig folkesetnad. Etter periodar under portugisarane og Persia og invasjonar frå dei herskande dynastia i Saudi-Arabia og Oman, oppstod Bahrain som ein sjølvstendig stat på 1800-talet under det britiske hegemoniet.
Remove ads
Sjølv om tvillingbyane Manama og Muharraq verkar å ha blitt grunnlagd samstundes på 1800-talet,[1] vart Muharraq viktigare fordi han var enklare å forsvare, og var derfor hovudstaden i Bahrain fram til 1921. Manama vart handelshovudstaden og inngangspoirten til Bahrainøya.[2] På 1900-talet gjorde oljerikdomen til at Bahrain voks raskt og i 1990-åra førte ei diversifisering av økonomien til at andre industriar voks til. Dette var med å omforme Manama til eit viktig økonomisk senter i Midtausten. Manama vart arabisk kulturhovudstad i 2012.[3][4]
Remove ads
Etymologi
Namnet kjem frå det arabiske ordet المنامة (al-manãma) som tyder «kvilestad» eller «drøymestad».[5]
Historie
Tidleg moderne historie
Kontrollen persarane hadde over Persiabukta vart svekt utover på 1700-talet. På denne tida var Bahrain underlagt emiratet Bushehr, som sjølv var ein del av Persia. I 1783 invaderte stammekonfederasjonen Bani Utbah Bahrain og dreiv bort den sitjande guvernøren Nasr Al-Madhkur. Som følgje av dette, vart familien Al Khalifa herskarar i landet, og alle politiske band med Bushehr og Persia/Iran enda. Ahmed ibn Muhammed ibn Khalifa (seinare kalla Ahmed al-Fateh, som tyder. «Ahmed erobraren») var den første hakimen av Bahrain. Politisk uro på 1800-talet hadde katastrofal innverknad på økonomien i Manama. Invasjonar frå omanarane i 1800 og av wahhabiane i 1810–11, i tillegg til ein borgarkrig i 1842 mellom herskarane i Bahrain, førte til at byen vart ei slagmark. Ustabiliteten lamma handelen i Manama og hamna i byen vart stengd. Dei fleste av kjøpmennene flykta til Kuwait og den persiske kysten fram til fiendskapen enda.[6] Engelskmannen William Gifford Palgrave vitja Manama i 1862 og skildra byen som ein by med nokre få steinbygningar i ruinar, med eit landskap dominert av hyttene til fattige fiskarar og perledykkarar.[6]

Pax Britannica på 1800-talet førte til at britane forsterka handelsrutene sine, særleg dei nær Britisk Raj. Som svar til piratverksemda i Persiabukta, sette britane ut krigsskip og tvang dei fleste statane kring Persiabukta på den tida (inkludert Bahrain) til å signere General Maritime Treaty av 1820, som forbaud piratverksemd og slaveri.[7] I 1861 vart det signert ein fredsavtale mellom Storbritannia og Bahrain, og Storbritannia tok seg av forsvaret av Bahrain mot at britane fekk kontroll over utanrikssakene til Bahrain. Då Isa ibn Ali Al Khalifa vart hakim i Bahrain i 1869, vart Manama eit senter for britane i Persiabukta, men interessene til britane var berre kommersielle.[8] Handelen tok seg opp for fullt i 1873 og inntektene til landet frå perleeksport auka sjudobbelt mellom 1873 og 1900.[9]
Moderne historie
Etter fyrste verdskrigen braut ut i 1914, brukte Britisk Raj Manama som militærbase under operasjonane i det mesopotamiske felttoget.[10] Etter det vart funne olje i regionen, skreiv britiske agentar i Bushire ein oljeavtale med hakimen om at det ikkje vart leita eller utvunne olje dei neste fem åra. I 1919, vart Bahrain offisielt ein del av Det britiske imperiet, som eit oversjøisk territorium.[10] Dette gjorde at den lokale politiske agenten fekk større makt og sette Bahrain under residentskapet Bushire og derfor under styret til Britisk Raj. Britane pressa gjennom ei rekkje administrative reformer i Bahrain i 1920-åra (noko som vart møtt med motstand frå stammeleiarane), då den aldrande hakimen Isa ibn Ali Al Khalifa vart tvungen til å abdisere til fordel for den meir reform-venlege sonen Hamad ibn Isa Al Khalifa. Det vart oppretta eit kommunestyre i Manama i 1919, tollkontoret vart omorganisert i 1923 og oversedd av ein engelsk forretningsmann. Perleindustrien vart reformert i 1924. Inntekter frå tollkontoret vart halde i den nye statskassen. Sivil rett vart oppretta for første gongen i 1923, etterfølgd av opprettinga av Tinglysingsdepartementet i 1924.[11] Charles Belgrave frå Kolonikontoret vart i 1926 utpeikt av britane til å gjennomføre fleire reformer og styre administrasjonen som ein økonomisk rådgjevar til kongen. Han organiserte seinare statspolitiet og hadde ansvar for økonomi- og landdepartementa til regjeringa.[12]

I 1927 kollapsa perleøkonomien i landet då det vart introdusert japanske kulturperler i verdsmarknaden. Det er estimert at perleentrepenørar tapte meir enn 2/3 av inntektene sine mellom 1929 og 1931. I tillegg kom den store depresjonen, som førte til at mange bahrainske handelsfolk, butikkeigarar og perledykkarar hamna i gjeld.[13] Då det vart oppdaga olje i Bahrain i 1932, og den første olja vart eksportert i 1934, vart landet langt viktigare geopolitisk sett. Britane prioriterte å trygge oljeforsyningane i Midtausten, særleg i opptakten til andre verdskrigen.[14] Oppdaginga av olje førte gradvis til at dykkarane frå perleindustrien som hadde gått konkurs, gradvis gjekk over til oljeindustrien i 1930-åra, og til slutt forsvann perleindustrien heilt.[15] Under krigen tente landet som ein strategisk flybase mellom Storbritannia og India.[16] Bahrain vart bomba av det italienske luftforsvaret i 1940. I 1947, etter krigen var over, og India fekk sjølvstende, flytta det britiske residentskapet i Persiabukta frå Bushire til Manama.[14]
Etter arabisk nasjonalisme auka over heile Midtausten og sette i gang Suezkrisa i 1956, braut det ut antibritisk uro i Manama, organisert av den nasjonale fagforeiningskomiteen. Sjølv om komiteen fremja fredlege demonstrasjonar, vart europeiske (særleg britiske) byggverk og føretak, i tillegg til den største katolske kyrkja i byen og bensinstasjonar, mål for demonstrantane og sett i brann.[17] Demonstrasjonar føre det britiske residentskapet ropte at Charles Belgrave måtte gå av, og han vart seinare avsett av det britiske utanriksdepartementet året etter.[18] Komiteen vart så lagt ned med tvang. Eit nytt anti-britisk opprør braut ut i mars 1965, då hovudsakleg leia av studentar som ønskte sjølvstende og var ikkje i same grad driven av arabisk nasjonalisme. I 1968 annonserte britane at dei ville trekke seg ut av Bahrain innan 1971.[19] Den nyoppretta staten Bahrain tok Manama som hovudstaden.[20]
Etter sjølvstende vart det rask urbanisering i Manama og dei kringliggande landsbyane voks snart inn i eit enkelt, urbanisert område, som innlemma nye nabolag som Adliya og Salmaniya. Den store utbygginga førte til at mange utanlandske arbeidarar, hovudsakleg frå India, kom til landet og innan 1981 vart det dobbelt så mange utlendingar som bahrainarar.[21] Bygginga av Diplomatområet nordaust i byen var med å diversifisere økonomien i landet, slik at ein ikkje vart like avhengig av olje. Finansinstitusjonar i distriktet talde 187 i 1986. Mangel på landområde for utbygging førte til landvinning.[22] Religiøs aktivisme flytta seg frå Manama til forstader som Bani Jamra, Diraz og Bilad Al Qadeem, som vart kjernen for uro i 1990-åra.[23] I 2001 vart ein nasjonal handlingsplan presentert av kong Hamad bin Isa al-Khalifa og godkjend av bahrainarane. Denne planen førte til det første parlaments- og kommunevalet i landet på fleire tiår.[23]
Remove ads
Styre

Historisk sett har Manama vore avgrensa til det som no er kjend som Manama Souq og Manama Fort i sør. Men byen har no vokse og omfattar fleire nyare forstader og eldre landsbyar som har vokse inn i byen. Bydelane i Manama i dag er:
- Manama Souq
- (inkludert Fareeq el-Makharqa)
- Awadhiya
- Adliya
- Bu Ashira
- Bu Ghazal
- Diplomatområdet
- Ghuraifa
- Gudaibiya
- Gufool
- Hoora
- Juffair
- Mahooz
- Noaim
- Ras Rumman
- Seef
- Seqaya
- Sulmaniya
- Umm Al Hassam
- Zinj
Manama er ein del av Hovudstadguvernementet, eit av fem guvernement i Bahrain. Fram til 2002 var han ein del av kommunen Al-Manamah.[24]
Økonomi


Manama er framleis brennpunktet i bahrainsk økonomi. Petroleum har blitt mindre viktig med åra på grunn av tømde reservar og vekst i andre industriar, men er framleis den viktigaste delen av økonomien. Tungindustri (som aluminiumsmelteverk, skipsbygging), bank og finans og turisme er blant industriane som har vokse mykje dei siste åra. Fleire multinasjonale føretak har anlegg og kontor i og kring Manama.[25] Den viktigaste industrien i sjølve Manama er finanstenestene, med over to hundre finansinstitusjonar og bankar i det sentrale forretningsdistriktet og Diplomatområdet. Manama er eit økonomisk senter i Persiabukta og eit senter for islamsk bankvesen. Det finst òg ein stor sektor for småhandel i kjøpesentera kring Seef, medan sentrum i Manama er dominert av små verkstader og kjøpmenn.
Remove ads
Demografi
Rolla Manama har som regional hamneby i Persiabukta, har gjort han til eit senter for utanlandske arbeidarar på leit etter eit betre liv. Manama er derfor ofte blitt skildra som ein verdsby.[27] I 1904 vart det estimert at folketalet i Manama var 25 000, og av desse var halvparten utlendingar frå Basra, Najd, Al Hasa og Iran, i tillegg til frå India og Europa.[9]
Dei to hovudgreinene innan islam, sjiaislam og sunniislam, sameksisterte i Manama i fleire hundreår og er representert av distinkte etniske grupper. Sjiasamfunnet er representert av innfødde, arabiske baharna, hasawiar og qatifar frå det arabiske fastlandet og dei persiske Ajam.[27] Sunni-samfunnet er representert av arabiske beduin-stammer som flytta dit på 1700-talet i lag med Bani Utbah og Huwala, arabisk-talande persarar.[27] Her finst òg ein større innfødd bahrainsk kristen folkesetnad i landet, fleire tusen, i tillegg til utanlandske hinduar og eit lite, innfødd jødisk samfunn på 37.[28]
Remove ads
Samferdsle
Vegar
Manama er eit trafikknutepunkt for vegnettverket i landet. For tida vert det utført store utbyggingar for å betre trafikksituasjonen i byen.

Gatene i dei gamle bydelane i Manama og utviklinga av eit nasjonalt nettverk som knytte hovudstaden til andre busetnader, byrja så snart dei første bilane kom til landet i 1914.[29] Talet på bilar auka frå 395 i 1944,[29] til 3 379 i 1954 og til 18 372 bilar i 1970.[29]

Bussar

Manama har nyleg fått ei omfattande bussteneste, som vart sett i gang 1. april 2015 med ein flåte på 35 MAN-bussar.[30]
Lufttransport
Bahrain internasjonale lufthamn ligg å Muharraq, kring 7 km frå Det sentrale forretningsdistriktet i Manama. Det er eit viktig knutepunkt for luftfart i Midtausten. Det ligg strategisk til nord i Persiabukta mellom dei store marknadane i Saudi-Arabia og Iran med ruter til store internasjonale destinasjonar i Europa, Asia, Afrika og Nord-Amerika.
Remove ads
Utdanning
Manama har fleire universitet, høgskular og skular.
- Ahlia universitet
- Universitetet for praktisk forsking
- Det arabiske opne universitet
- Arabian Gulf universitet
- Det bahrainske instituttet for bank og finans
- Delmon universitet
- New York Institute of Technology
- RCSI-Bahrain
- Bahrainskulen
- Den indiske skulen i Bahrain
Klima
Manama har eit tørt klima. Som for resten av Bahrain, har Manama ekstreme klimatilhøve, med temperaturar om sommaren opp til 48 °C, og om vinteren så lågt som 7 °C. Stundom kan det komme hagl. Middeltemperaturen varierer frå kring 17 °C om vinteren til kring 45 °C om sommaren. Den mest behagelege tida i Bahrain er på hausten då det er relativt lite sol og den steikande sommarvarmen minkar.
Remove ads
Venskapsbyar
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads