Handrokk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Handrokk
Remove ads

Handrokk, rokkehovudkjepp, rokk eller spinnekjepp er ein hjelpereiskap som blir nytta under spinning med handtein. Han blir særleg brukt ved spinning av lin, men kan nyttast til alle typar fiber. Reiskapen har form av ein tilskoren kjepp, og derfor blir det òg kalla spinnekjepp. Spinnematerialet blir bunde fast eller vikla rundt. Håndteinen, eller teinen, er påmontert eit svinghjul, spinnehjulet. Ved å spinna lager ein tråd som kan brukast til veving, strikking eller saum.

Thumb
Spinning av tråd med handrokk og handtein: Fibermaterialet blir samla rundt handrokken; (a) Nokre fibertråder blir festa til handteinen (ein pinne med spinnehjul; b-c). Når handteinen heng som eit lodd og blir snurra med fingrane, blir fibrane strekte og tvinna til ei trådlengd som deretter blir vikla opp på teinen.
Thumb
Spinning med (hand)rokken under venstre arm og (hand)teinen hengande frå høgre hand. Oljemåleri av Anton Romako

Handrokk, som opphavleg berre blei kalla rokk, kan haldast i handa, stikkast under armen, klemmast mellom knea, festast i beltet eller leggast i fanget. Handrokken er ein iaugefallande del av alle avbildingar av spinning med handtein.

Når reiskapen blir montert på ein hjulrokk blir det ofte kalla rokkehovud.

Ordet «handrokk» kan òg brukast som nemning på handtein og dessutan om heile systemet med rokkehovudkjepp og hengande handtein.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads