Spinnehjul
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spinnehjul er svinghjulet på ein handtein, ein enkelt handreiskap for spinning av tråd.[1] Handteinen med spinnehjul har vore brukt i Noreg sidan jernalderen, og reiskapen var i bruk til 1800-talet. Han har stor geografisk utbreiing.

Foto: Karl Ragnar Gjertsen


Reiskapen fungerer best om svinghjulet er laga av tungt materiale, som stein, metall, bein, horn eller eit tungt slag trevirke.[2]
Spinnehjul av stein held seg godt over tid, og utgjer ei stor gruppe arkeologiske funn, m.a. i kvinnegraver. Sjølve teinen var laga av tre, og er derfor sjeldan bevart.
Eit spinnehjul av kleberstein er del av funna på L'Anse aux Meadows på Newfoundland frå den norrøne busetjinga der.[3]
Det norrøne namnet på spinnehjul er snúðr. Det ordet blir framleis nytta på islandsk, medan norske dialektord for reiskapen er rennel, snåld eller snellehjul.[1]
Remove ads
Sjå òg
- Handtein
- Handrokk
- Spinnerokk
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
