Hanne Ørstavik
norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hanne Ørstavik (fødd 28. november 1969)[1] er ein norsk forfattar og omsetjar.
Ørstavik var fødd i Tana og voks opp i Finnmark.[2] Ho flytta til Oslo 16 år gamal og er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga psykologi, fransk og sosiologi. Ho har òg to grunnfag frå Statens lærerhøgskole i forming og forfattarstudiet i Bø.[3][4]
Ørstavik debuterte med romanen Hakk (1994) og fylgde opp med Entropi (1995). Det som karakteriserer desse bøkene er ein minimalistisk stil der det vert nytta korte, skildrande setningar. Det vert fokusert på observasjonar og konkrete registreringar.
Romanane skrivne mot slutten av 1990-talet syner utviklinga i forfattarskapen. Kjærlighet (1997), Like sant som jeg er virkelig (1999) og Tiden det tar (2000) vert tematisk rekna som ein trilogi. Trilogien skildrar nære familietilhøve, der foreldra sviktar. Ho fortel overtydande historier og skildrar personar som har vanskeleg for å finne eit høveleg språk. Personane vert ofte stengd ute frå kommunikasjon eller stengd inne i seg sjølv. På det viset gjennomfører Ørstavik sitt språkkritiske prosjekt.
Hanne Ørstavik har også stått for omsetjingar og gjendiktingar av mellom anna Leslie Kaplan, Mirja Unge og Marguerite Duras.[2]
Remove ads
Verkliste
- Hakk (roman, 1994)
- Entropi (roman, 1995)
- Kjærlighet (roman, 1997)
- Like sant som jeg er virkelig (roman, 1997)
- Tiden det tar (roman, 2000)
- Uke 43 (roman, 2002)
- Presten (roman, 2004)
- Kallet (roman, 2006)
- I morgen skal det være åpent for alle (kortprosa, 2007)
- Der alt er klart (essay, 2008)
- 48 rue Defacqz (roman, 2009)
- Hyenene (roman, 2011)
- Samtidighet (essays, 2011)
- Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux (roman, 2013)
- På terrassen i mørket (roman) (2014) ISBN 978-82-495-1409-0
- Over fjellet (roman) (2017) ISBN 978-82-495-1855-5
- Jeg drømte at alle bøkene mine sto i kjøkkenskap (artikler og essays) (2018) ISBN 978-82-495-1987-3
- Roman. Milano (roman) (2019) ISBN 978-82-495-2147-0
Remove ads
Prisar
- Tanums kunststipend 1998
- P2-lytternes romanpris 1999, for Like sant som jeg er virkelig
- Sult-prisen 1999
- Havmannprisen 2000, for Tiden det tar
- Oktober-prisen 2000
- Doblougprisen 2002
- Amalie Skram-prisen 2002
- Klassekampens litteraturpris 2004, for Presten
- Brageprisen 2004, for Presten
- Aschehougprisen 2007
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads