Hannibal Sehested
dansk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hannibal Sehested (1609–23. september 1666) var ein dansk statsmann og greve som var statthaldar i Noreg og rigsskatmester i Danmark (tilsvarande finansminister).
Sehested gifta seg med dottera til kong Kristian IV av Danmark-Noreg og Kirsten Munk, Christiane, den 6. november 1642. Allereie i 1636 vart han forlova med den då ti år gamle kongsdottera. Han gifta seg med henne kort tid etter utnemninga si til statthaldar i Noreg i 1642.
Sehested var ein gåverik «renessanseperson», dristig og maktlysten som politikar. Samstundes syrgde han for å skaffa seg pengar og status. Han fekk mest innverknad i Noreg. I fredstid gjorde han stort organisatorisk arbeid for å fremja næringslivet og forbetra styringsverket. Mellom anna er Sehested rekna som grunnleggjar av eit norsk postvesen. Den 16. januar 1647 oppretta han faste postruter sør i Noreg.
Han prøvde å skaffa Noreg og dermed seg sjølv mest mogleg fridom i høve til Danmark. Svigerfar hans, kongen, gjekk med på mykje av dette. Sehested fekk motstand frå svogeren Corfitz Ulfeldt og det danske Riksrådet.
Remove ads
Kjelder
- Dansk Biografisk Haandleksikon
- Denne artikkelen bygger på «Hannibal Sehested» frå Wikipedia på dansk, den 11. oktober 2005.
Bakgrunnsstoff
- Litt om norsk posthistorie (og Sehested) Arkivert 2004-12-29 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads