Hanover Parish

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hanover Parish
Remove ads

Hanover Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nordvest på øya. Det grensar til Saint James i aust og Westmoreland i sør, og har kyst mot Det karibiske havet i nord og vest. Fylket er det nest minste i landet (etter Kingston Parish) med eit areal på 450 km². Det hadde om lag 71 000 innbyggjarar ved folketeljinga i 2014.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Administrasjonssenteret i Hanover Parish er byen Lucea. Byen har ei god naturleg hamn som kan ta imot store skip.[2] Ei mindre hamn er Green Island.

Fylket er fjellrikt og inneheld fleire små elvar. Det høgaste punktet er Dolphin's Head, som også er eit tradisjonelt landemerke for skip.[2]

I Hanover Parish blir det mellom anna dyrka banan, ingefær, jams, maranta (arrowroot) og sukkerrøyr, med tilhøyrande romproduksjon. Området er også kjend for godt kveg.[2]

Landsbyen Hopewell er eit viktig turistmål. Turistområdet Negril ligg delvis i Hanover Parish. Området har ellers mange andre fine strender som ikkje er særleg utvikla for turisme.[2]

Remove ads

Folk frå Hanover Parish

  • William Alexander Bustamante (d. 1977), politikar og nasjonalhelt
  • Barrington Watson (1931–2016), målar
  • Percival Noel James Patterson (f. 1935), statsminister
  • Peter Broggs (1954–2015), reggaemusikar
  • Jean Binta Breeze (f. 1956), diktar
  • Elvis Gordon (1958–2011), judoutøvar
  • Merlene Ottey (f. 1960), sprintar
  • Jah Cure (f. 1978), reggaemusikar
  • Odail Todd (f. 1994), sprintar

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads