Hans Hagerup Falbe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hans Hagerup Falbe
Remove ads

Hans Hagerup Falbe (fødd 7. februar 1772 i København, død 17. oktober 1830 i Stockholm)[1]var ein dansk-norsk statsråd, jurist, stiftamtmann og komponist. Etter juridisk embetseksamen og nokre år i arbeid i København kom han til Noreg da han vart utnemnd til justitiarius ved Akershus stiftsoverrett etter at Envold de Falsen døydde i 1808.[1]

Kjappe fakta

Mellom 1809 og 1815 var han justitiarius i Overkriminalretten i Kristiania. Han deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll den 16. februar 1814.

Frå 1815 til 1822 var Falbe amtmann i Akershus amt og stiftsamtmann i Akershus stiftamt og frå 1822 og til sin død var han statsråd.[2]

Falbe var aktiv i det kulturelle og musikalske liv i Kristiania og i samtida sett på som ein dyktig komponist og dirigent. I 1810 vart han medstiftar av Det Musicalske Lyceum, hovudstadens første faste musikkselskap som han leia i sju år, fram til Waldemar Thrane tok over.[1]

Remove ads

Statsrådpostar

Frå 16. november 1822 vart han ved statsrådavdelinga i Stockholm, først konstituert, fast utnemnd frå 19. juli året etter.[3] Han var leiar for Revisjonsdepartementet frå 21. mai 1824, ved statsrådavdelinga i Stockholm frå mai 1825, leiar for Marinedepartementet frå september 1826 og frå oktober 1827; ved statsrådsavdelinga i Stockholm. I september 1828 leiar for Revisjonsdepartementet att og frå november 1829 var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm.[2]

Remove ads

Utmerkingar

Falbe var kommandør av Sverdordenen og riddar av Dannebrogordenen.[1]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads