Happy Birthday to You

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Happy Birthday to You», eller berre «Happy Birthday», er ein song tradisjonelt sungen i gebursdagsselskap. I følgje Guinness World Records frå 1998, er songen den mest gjenkjennelege songen på engelsk, etterfølgd av «For He's a Jolly Good Fellow». Teksten til songen er omsett til minst 18 språk.[1] Melodien til «Happy Birthday to You» kjem frå songen «Good Morning to All»,[2] som tradisjonelt er tilskriven dei amerikanske systrene Patty og Mildred J. Hill i 1893,[3][4] sjølv om dette er omstridd.[5]

Kjappe fakta Låtskrivar, Publisert ...

Songen er i offentleg eige i USA og EU. Warner Chappell Music har tidlegare gjort krav på opphavsretten til songen i USA og henta inn lisensavgifter for bruken av songen. I 2015 var kravet om opphavsretten erklært ugyldig og Warner Chappell godtok å betale attende 14 millionar USD i lisensavgifter.

Remove ads

Tekst

«Happy birthday to you»

Happy birthday to you
Happy birthday to you
Happy birthday dear [NAMN]
Happy birthday to you.[6]

Personen som har gebursdag vert nemnt der det står «[NAMN]». Den tidlegaste kjende publiseringa av teksten nytta «John» som døme.

Ei norsk omsetjing heiter «Gratulerer med dagen».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads