Harald Sohlberg

norsk målar From Wikipedia, the free encyclopedia

Harald Sohlberg
Remove ads

Harald Oskar Sohlberg (29. september 186919. juni 1935) var ein norsk nyromantisk målar. Han arbeidde med oljemåleri, akvarell, teikning, litografi og radering. Han er ein av dei mest kjende norske målarane, og verka hans finst i privat eige og i galleri over heile verda.

Kjappe fakta

Sohlberg laga ofte mange utgåver av same motivet. Målt mot andre kunstnarar hadde han ein liten produksjon.

Det mest kjende bildet hans er Vinternatt i Rondane, også kalt Vinternatt i fjellene. I tillegg festa han fleire motiv frå Røros til papir og lerret.

Remove ads

Vinternatt i Rondane

Harald Sohlberg måla Vinternatt i Rondane i fleire utgåver, både som oljemåleri og fargelitografi. Han byrja arbeidet med den fyrste utgåva av Vinternatt i Rondane i 1901, medan det som vert sett som hovudutgåva, det store oljemåleriet som er i Nasjonalgalleriet, ikkje var ferdig før vinteren 1913/1914, etter at det var påbyrja i 1911.

Etter dette arbeidde han vidare med motivet som fargelitografi, og han arbeidde på ei måleriutgåve opp i dei siste åra av livet. Til saman finst det i tillegg til litografia 20 utgåver av biletet, dei fleste i vassfargar eller i blanda teknikkpapir.

Remove ads

Måleri

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Harald Sohlberg
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads