Teikning
From Wikipedia, the free encyclopedia
Teikning i kunstnarisk meining er eit bilete framstilt ved rette og krumme linjer, ofte utført på papir ved hjelp av blyant, tusjpenn, teiknekol, fargestift eller anna, og kan vere ein meir eller mindre realistisk attgjevnad av motivet, fri fabulering osb.


Nemninga teikning vert òg nytta i ikkje-kunstneriske samanhengar om slike framstillingar på papir, folie etc. som syner korleis bygningar, vegar, jarnvegar, maskinar, gjenstandar og andre produkt skal byggjast eller framstillast. Slike teikningar (tekniske teikningar, konstruksjonsteikningar osb.) vert laga i ein oppgjeve målestokk etter fastsette normer for at dei lett kan lesast og nyttast av fagfolk for å utforme produktet, bygningen etc. Ordet teikning vert dessutan nytta om mønsteret i pelsen på dyr, som til dømes om dei stripene tigrar og sebraer har i pelsen, dei flekkane som mange kyr og hundar har, og i ymse høve dessutan synonymt med underskrift, som til dømes i form av teikning av aksjar, det vil seie å melde seg som kjøpar av aksjar, eller i form av underteikning av eit brev eller dokument, det vil seie å skrive namnet sitt under teksten i dokumentet for å gjere teksten bindande for seg.
Ei teikning av den kunstnariske typen skil seg frå eit måleri ved at strekene som utgjer teikninga ofte berre dekkjer ein liten del av flata som det er teikna på. Det finst mange ulike kategoriar av teikningar, som karikaturteikningar, teikningar av landskap, personar og ting.

Teikneflater
Mange spesielt intresserte teiknarar kjøpar gjerne eit teiknebrett, som gjev eit godt underlag for papiret eller anna materiale som det vert teikna på. Det mest vanlege å teikne på er papir av til dømes desse papir-typane:
- Akvarellpapir
- Bøttepapir
- Syrefritt papir
- Teiknepapir
- Layoutpapir
- Blåpapir
- Rutepapir
- Japanpapir
- Innpakningspapir
- Skrivemaskinpapir
- Kalkérpapir
Papiroverflata kan også varie mellom fint, middelst eller grovt. Dei fleste papir-materiala kan brukast til teikning.

Teiknereiskapar
- Blyant
- Grafittstift
- Fargeblyantar
Pennar
- Teknisk penn
- Kulepenn
- Tusjpenn
Pastell
- Vasslauslege pastellar
- Pastelkritt (tørrpastell)
- Pastellblyant
- Feittstifter (oljepastell)
- Pastellfargestifter
Kol

- Trekol (av mellom anna seljekvister)
- Kolblyant
- Komprimert trekol
- Gummipensel (brukt til å gni/spreie kol utover istaden for med fingeren)
Teikneteknikkar
Her er ei oversikt over nokre teikneteknikkar:
- Gniteteknikk
- Skravering
- Skissering
Stilisering
Å stilisere eit motiv kan til dømes vere å fjerne detaljar frå motivet. Motivet kan vere stilisert som mellom anna:
- Tilnærma naturalistisk
- Kontur
- Kontur og detaljar
- Tekstur
- Geometriske former
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.