Harald T. Nesvik
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Harald Tom Nesvik (fødd 4. mai 1966 i Ålesund) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han har sete på Stortinget for Møre og Romsdal sidan 1997. Den 13. august 2018 vart han utnemnd til fiskeriminister i regjeringa Solberg.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Frå Ålesund VGS har han grunnkurs frå kontorlinja 1982–1983, VKI frå rekneskapslinja 1983–1984, og VKII frå EDB-linja 1984–1985. Nesvik har teke eksportmarknadsføring for fiskeri ved Møre og Romsdals fiskeritekniske høgskole 1991–1993.
Nesvik har arbeidd som instruktør ved Parken helsestudio 1988–1990, dørvakt i Activ vaktselskap 1988–1995, og som seljar ved Moa Elektromarked frå 1995 (permisjon frå 1997).
Remove ads
Politikk
Nesvik vart utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal med tiltreding i 2019, men valde å seia frå seg embetet. Han gjekk heller til ei stilling som sjef for informasjon og samfunnskontakt i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans i Ålesund. Denne stillinga sa han opp då han fekk spørsmål om å verta fiskeriminister.[2]
Stortingskomitear
- 1997–2001: Medlem i Sosialkomiteen
- 1997–2001: Varamedlem i Valkomiteen
- 2001–2005: Medlem i Sosialkomiteen
- 2001–2005: Medlem i Valkomiteen
- 2005–2009: Leiar i Helse- og omsorgskomiteen
- 2005–2009: Varamedlem i Valkomiteen
- 2009–2013: Medlem i Næringskomiteen
- 2009–2013: Varamedlem i Valkomiteen
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Harald T. Nesvik» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2010.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads