Hard Rain
konsertalbum av Bob Dylan From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hard Rain er eit konsertalbum av Bob Dylan som fanga andre halvdel av Rolling Thunder Revue-turneen hans i 1976.
Remove ads
Albumet vart delvis spelt inn 23. mai 1976 under ein konsert ved Hughes Stadium i Fort Collins i Colorado, den nest siste konserten på turneet. Konserten vart òg filma og seinare sendt av NBC som ei timeslang spesialsending september same året. Fire spor frå albumet («I Threw It All Away», «Stuck inside of Mobile with the Memphis Blues Again», «Oh, Sister» og «Lay, Lady, Lay») vart spelte inn 16. mai 1976. Verken albumet eller fjernsynssendinga vart særleg godt motteke. Albumet er kalla opp etter ein av dei mest kjende songane til Dylan, «A Hard Rain's A-Gonna Fall», men denne songen er ikkje med på albumet. Sidan det regna tungt under store delar av konserten kan òg dette vere opphavet til tittelen.
Tim Riley i NPR skreiv: «Sjølv om bandet har spelt lenge i lag, har sjarmen forsvunne med utbyttingane deira», medan Janet Maslin i Rolling Stone Magazine skreiv «Hard Rain ser ut til å ha kome ut på ei tid då lufta i Rolling Thunder Revue, som var så lykkeleg og glimrande i starten, rett og slett har gått ut av ballongen.»
Albumet nådde 17. plass i USA og 3. plass i Storbritannia og selde etter kvart til gullplate i USA.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
Andre medverkande
- Gary Burke - trommer
- T-Bone Burnett - gitar, piano
- David Mansfield - gitar
- Scarlet Rivera - fiolin
- Mick Ronson - gitar på «Maggie's Farm»
- Steven Soles - gitar, korvokal
- Rob Stoner - bass, korvokal
- Joan Baez - gitar, korvokal[4]
- Howard Wyeth - trommer, piano
Teknisk
- Don DeVito - produsent
- Don Meehan - innspeling og lydteknikar
- Ken Regan - foto
- Paula Scher - design
- Lou Waxman - chief of tape research
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads