Lay Lady Lay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Lay Lady Lay» er ein song skriven av Bob Dylan på albumet Nashville Skyline frå 1969.[1] Som mange av songane på albumet syng Dylan song i ei låg, mjuk stemme, i staden for den høge, nasale songstilen han normalt er kjend for.[2] Songen har vorte ein standard og har vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre The Byrds, Ramblin' Jack Elliott, The Everly Brothers, Melanie, Magnet, The Isley Brothers, Duran Duran og Ministry.[1][3]
Remove ads
Bob Dylan-utgåva
Lay, lady, lay, lay across my big brass bed
Bob Dylan |
Dylan si utgåve av songen vart gjeven ut på singel i juli 1969 og vart raskt ein hit i USA, der han nådde 7. plass.[4] Singelen gjorde det enno betre i Storbritannia, der han nådde 5. plass.[5] Songen vart opphavleg skriven for filmmusikkemn til Midnight Cowboy, men vart ikkje ferdig i tide for denne filmen.[6][7]
Songen er skriven i A-dur og har ein fallande kromatisk akkordprogresjon.[8][9] Den mest gjenkjennelege knaggen i songen, som har langt fleire knaggar enn det som er vanleg for Dylan, er ein gjentakande pedalsteelgitar-riff.[1] Songen har ein særeigen trommerytme spelt av Kenny Buttrey, som rekna spelinga si på songen som ei av dei beste han nokon gong har gjort.[10] Tekstmessig omhandlar songen romantisk og seksuell forventing der songaren ber kjærasten sin om å overnatte med han.[1]
Songen er ofte spelt av Dylan på konsertar og var med på konsertalbuma Hard Rain og Before the Flood.[1] Han finst òg på mange samlealbum.[1][11]
Medverkande
- Bob Dylan - gitar, munnspel, keyboard, vokal
- Pete Drake - pedalsteelgitar
- Charlie Daniels - bass, gitar
- Kenneth A. Buttrey - trommer
- Bob Wilson - orgel, piano
Remove ads
Salslister
Remove ads
Medverkande
- Bob Dylan - gitar, munnspel, klaverinstrument, vokal
- Pete Drake - pedalsteelgitar
- Charlie Daniels - gitar
- Charlie McCoy - bass
- Kenny Buttrey - trommer
- Bob Wilson - orgel, piano
- Teknisk
- Charlie Bragg - lydteknikar
- Neil Wilburn - lydteknikar
Andre utgåver
The Byrds-utgåva
The Byrds si innspeling av «Lay Lady Lay» vart gjeven ut på singel den 2. mai 1969 og nådde 132. plass i USA, men nådde ikkje lista i Storbritannia.[22][23] Songen vart ikkje gjeve ut på album, men kom like etter studioalbumet deira Dr. Byrds & Mr. Hyde.[24] The Byrds valde å spele inn songen etter at Bob Dylan hadde spelt Nashville Skyline for bandet heime hos bandleiaren Roger McGuinn.[25] The Byrds spelte «Lay Lady Lay» den 27. mars 1969, men produsent Bob Johnston la på kvinneleg koring på innspeligna den 18. april utan løyve frå The Byrds.[26] Singelen vart gjeven ut og det var først då bandet vart klar over den kvinnelege koringa.[25][26] Bandet vart rasande og følte at koringa var upassande og flaut.[27] The Byrds vart så irriterte på Johnston at dei aldri arbeidde med han igjen.[25]
Trass i at bandet ikkje likte den ferdige singelen, syns mange kritikarar at det kvinnelege koret heva kjenslemessige appellen til songen.[25] I seinare tid har ei utgåve utan det kvinnelege koret dukka opp på fleire samleplater, og som bonusspor på den nymastra utgåva av Dr. Byrds & Mr. Hyde frå 1997.[27]
Andre utgåver
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre:
- Duran Duran på Thank You (1995).[28]
- Ministry - singel 1996
- Made In Sweden, på 1969-albumet Snakes In A Hole
- Cher, på 1969-albumet 3614 Jackson Highway
- Keith Jarrett, in a 1969 performance in Aarhus, Denmark.
- Ben E. King, på 1970-albumet Rough Edges
- The Isley Brothers, på 1971-albumet Givin' It Back
- Della Reese, på 1973-albumet Let Me In Your Life
- Hoyt Axton, på 1976-albumet Fearless
- Neil Diamond, på 1978-albumet Stages: Performances 1970-2002
- Everly Brothers, på 1984-albumet EB 84
- Richie Havens, på 1986-albumet Sings Beatles og Dylan
- Booker T. & the MG's, på 1992-albumet Time Is Tight
- Isaac Hayes, på 1999-albumet Tangled Up In Blues: Songs Of Bob Dylan
- Steve Howe, på 1999-albumet Portraits of Bob Dylan
- Eddie og Ernie, på 2002-albumet Lost Friends
- Cassandra Wilson, på 2003-albumet Glamoured
- US Maple, på 2003-albumet "Purple on Time"
- Magnet og Gemma Hayes, på 2003-albumet On Your Side, finst òg i filmen Mr. og Mrs. Smith.
- Buddy Guy på 2005-albumet Bring 'Em In
- The Stands
- Maria Muldaur, på 2006-albumet Heart of Mine: Love Songs of Bob Dylan
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads