Hard to Handle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Hard to Handle» er ein song gjeven ut i 1968 som først vart spelt inn av Otis Redding og skriven av Redding, Al Bell og Allen Jones. Han vart gjeven ut etter Reddind døydde i 1967 på albumet The Immortal Otis Redding. Versjonen til Redding nådde 38. plassen på Billboard R&B-lista og 51. plassen på poplista.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), The Black Crowes-kronologi ...
Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Andre versjonar

Songen har sidan blitt spelt inn av mange artistar, inkludert Patti Drew (truleg den første coverversjoenn i 1968), King Floyd, the Rustix, Liquid Smoke, Grateful Dead, The Black Crowes, Tom Jones, Toots & the Maytals, Rustix, Band from TV, Harpers Bizarre, Gov't Mule, Tony Joe White, Magic Slim and the Teardrops, New Riders of the Purple Sage, Matt Giraud, Etta James og Snafu i tillegg til Mae West i filmen Myra Breckinridge.

«Hard to Handle» vart ofte spelt på konsertane til Grateful Dead frå 1969 til 1971, sungen av Ron «Pigpen» McKernan. Songen vart òg mykje nytta i filmen The Commitments.

Lemon Jelly-songen «Rock» inneheld samplignar av «Hard to Handle». Reggaeartisten Capleton nytta ein del av songen i sin eigen «Wings of the Mourning» i 1992 for Def Jam. Masta Ace sampla basslinja i songen for «Four Minus Three», ein song på debutalbumet hans, Take a Look Around. Hip-hop-produsenten Marley Marl sampla den fem notar lange introen for songen hans «The Symphony» på albumet In Control, Volume 1 i 1988. Denne vart nytta om att i 1992 på Wreckx-N-Effect-songen «Hard» og i 1999 på Snoop Dogg-songen «Ghetto Symphony» frå albumet No Limit Top Dogg. Rapperen Frankie Cutlass nytta òg denne introen i songen sin «The Cypher Pt III» frå albumet Politics & Bullshit i 1997.

The Black Crowes-versjonen

Den kanskje mest kjende coverversjonen er av The Black Crowes, som fekk gjennombrotet sitt med singelen i 1990, henta frå debutalbumet Shake Your Money Maker. Denne versjonen nådde toppen av Billboard Album Rock Tracks-lista og 26. plass på Billboard Hot 100.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads