Harm Kuipers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Harm Kuipers
Remove ads

Harm Kuipers (fødd 22. november 1947) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Donderen. Han vart verdsmeister i firkamp i 1975.

Kjappe fakta

Kuipers ovverraska stort då han vart tredjemann under EM 1973, etter vinnaren Göran Claeson og sin eigen landsmann Hans van Helden. Ved VM 1973 i Deventer enda han på fjerdeplassen. Vinteren etter vart han nederlandsk firkamp-meister, og kjempa drabeleg mot norske Sten Stensen då VM 1974 vart avgjort til nordmannen sin fordel og Kuipers vart nummer to.

Også i EM 1975 kom Kuipers på andreplass etter Stensen. Fjorten dagar tidlegare hadde Kuipers forsvart den nederlandske meistertittelen. Fjorten dagar etter EM vann han så verdsmeisterskapen på Bislett stadion i Oslo, fattige 0,048 tidspoeng framom Vladimir Ivanov frå Sovjetunionen. Han la opp ved sesongslutt.

Jamsides idretten studerte Kuipers medisin ved universitetet i Groningen, og var i lang tid med i den medisinske kommisjonen til Den internasjonale olympiske komiteen (IOK).

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads