Harold Pinter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Harold Pinter (10. oktober 1930–24. desember 2008) var ein britisk forfattar (dramatikar), regissør og skodespelar.
Remove ads
Pinter skreiv kring tretti skodespel, tjue filmmanus, og var ansvarleg for oppsettinga av om lag 30 teaterstykke. Mellom dei mest kjende teaterstykka er The Birthday Party, The Dumb Waiter (Stumtjenaren), The Caretaker, The Homecoming og Betrayal.
Dramatikken til Pinter handlar ofte om kommunikasjon eller fråvær av kommunikasjon i mellommenneskelege relasjonar. Tilhøvet mellom kvinner og menn er eit vanleg tema, og ofte tilhøvet mellom menn. Pinter har vorte tolka innan feministisk forsking, som for eksempel i Pinter's Female Portraits (Elizabeth Sakellaridou, 1988).
Pinter var mellom anna tildelt Shakespeare Prize (Hamburg), European Prize for Literature (Wien), Moliere D'Honneur for Lifetime Achievement og i 2005 Nobelprisen i litteratur.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads